Magasinett

Synsingar

Utskrift

Demokrati for ein kvar pris

Skrive av Erlend Skjetne .

Baššār al-Asad er president i Syria. Her frå eit alliert åtak på IS i Kobane. Foto: Voice of America og Fabio Rodrigues Pozzebom/ABr/CC BY 3.0 br-lisens

Er det sikkert at det som er bra for oss, er bra for absolutt alle?

 

Kor lenge har Vesten vore demokratisk? Det er enno under eit hundreår sidan den andre verdskrigen, med sitt storstilte barbari, rasa midt i hjarta av Europa. På andre sida av Atlanteren vart dei kanskje demokratiske litt tidlegare, sånn på papiret, men den amerikanske borgarkrigen, som i stor grad handla om det grufulle slaveriet, utspela seg så seint som på 1860-talet. Med andre ord: Jamvel om dei gamle grekarane hadde nokre gode idear om dette med demokrati, er demokrati i praksis ei relativt ny øving jamvel i Vesten.

Men ikkje før har vi i Vesten greidd å stable desse demokratia våre på beina – nokre av dei er riktig nok ganske vaklevorne enno – så konkluderer vi med at demokrati må vera det rette for alle folkeslag og alle statar verda over. Ja, fylgjande ser ut til å vera heva over all tvil: Alle land, òg land der det aldri har vore noko som liknar på demokrati, må bli demokratiske om dei skal bli like rike og harmoniske som vi i Vesten er – og det vil jo sjølvsagt alle bli.

Den vestlege omsorga for dei meir primitive samfunna strekkjer seg heldigvis lenger enn til denne gode tanken. For diverre er det jo slik at barbariske, udemokratiske samfunn ikkje forstår sitt eige beste, og dei vil aldri på eiga hand greie å bli demokratiske. Altså er det berre logisk, og det einaste rette, at vi i Vesten tek ansvar for å innføre demokratiet for dei. Militær makt kan i denne samanhengen vera eit naudsynt vonde.

Men frå spøk til side: Ta no Syria som eit døme. Eg veit ikkje stort om Syria, jamvel om eg til dagleg arbeider med syriske flyktningar. Eg kan trøyste meg med at det neppe er så veldig mange andre som veit så mykje om Syria heller. Men eit par ting er det likevel trygt å fastslå. Primo: Syria er ikkje eit utprega velfungerande demokrati. Sekundo: Syria er eit land med ein potensielt farleg miks av fundamentalistiske muslimar, moderate muslimar, kristne og sekulære, av arabarar, kurdarar og andre etniske grupper. Tertio: Syria ligg i ein region som har vore ein samanhengande katastrofe i lange tider no. At nokre av grannelanda er Tyrkia, Libanon, Irak og Israel seier vel eigentleg nok. Men i dette landet trur vi i Vesten at det nærast over natta skal bli eit feiande flott demokrati. Når ein såkalla opposisjon – som vel å merkje er fragmentert og på ingen måte har nokon felles plan for framtida – finn det for godt at dei vil styrte den sitjande presidenten, då trur vi i Vesten at dette skal det bli demokrati av. Dei sekulære demokratiforkjemparane i Syria skal plutseleg bli perlevener med dei rabiate jihadistane, og saman skal dei styre landet til det beste for alle som bur der. Desse militante grupperingane er vi difor moralsk forplikta til å støtte.

Men frå spøk til side igjen: Assad er sikkert ein kynisk fyr, men ikkje eingong den mest infernalske diktator kan på eiga hand greie å påføre folket sitt så mange lidingar som det den syriske borgarkrigen har gjort. Assad bør gje seg, meiner vi sjølvsagt. Ja visst – og deretter? Vi fekk bort Taliban i Afghanistan, Saddam Hussein i Irak, Gaddafi i Libya, og korleis har det gått med den vidare demokratibygginga i desse landa? Har kvardagen for dei som bur der vorte betre? Dette må vera det mest motbydelege uttrykket for den grenselause vestlege arrogansen: Vi trur at dei demokratiske luksusgoda vi sjølve nyt godt av – ytringsfridommen og religionsfridommen, den økonomiske fridommen og den seksuelle fridommen, kort sagt den veldige valfridommen på alle omkverve i livet – vi trur at desse «verdiane» er like livsviktige for alle andre som dei er for oss. Men kor mykje nytte har ein av all denne fridommen, når huset ein bur i er ein ruinhaug, og familien ein hadde er drepen av bomber?

For å gjera ei lang historie kort: Vi i Vesten kan meine kva vi vil om diktatoren Assad, men det er eit faktum at dei aller, aller fleste i Syria hadde det betre med han som leiar i eit land som i det minste var stabilt og fredeleg, enn dei har det i dagens krigsmareritt. Når ein så mange gonger har sett kor dårleg alternativet er, bør det vera eit mål å oppretthalde ro og stabilitet i alle verdas statar, jamvel om dei no skulle vera aldri så udemokratiske. Demokratiet – om dette absolutt skal vera målet over alle mål for alle verdas folkeslag – må eventuelt koma seinare, gjennom fredelege prosessar. Krig er det dårlegast tenkjelege utgangspunktet for demokrati.