Magasinett

Synsingar

Utskrift

Gratulerer, Sylvi, du er feminist!

Skrive av Ragnhild Sofie Selstø .

Sylvi Listhaug møtte den amerikansk-nederlandske politikaren, forfattaren og filmskaparen Ayyan Hirsi Ali rett før nyttår, nokre veker før ho på Lindmo på NRK1 ikkje ville kalla seg feminist. Foto: JBD

Det er på tide at me definerer kva det eigentleg betyr å vera feminist.

 

Sylvi Listhaug vil jobba mot tvangsekteskap og sosial kontroll av jenter, men tviheld på at ho ikkje er feminist. Å vera meir opptatt av å etablere seg som feminist eller anti-feminist enn å faktisk gjera noko med kjønnsulikskapen stagnerer kvinnedebatten. Kan me ikkje berre bli einige om at å vera feminist er å støtta kvinnenes rettar på lik linje med menn sine - og gå vidare?

Anten du trur på eit mannsdominert samfunn eller ei, så er det eit faktum at menn på mange område er betre stilt enn kvinner. Sjølv om Noreg ligg på verdstoppen når det kjem til likestilling, har me enno ikkje oppnådd full rettferd. Eit eksempel er glastaket kvinner kolliderer med på arbeidsplassen. 81 prosent av daglege leiarar i aksjeselskap og 61 prosent av ordførarane er menn. Fleire kvinner enn menn jobbar deltid og bruker meir tid på husarbeid. Sjølv om lønnsforskjellen er liten mellom menn og kvinner i same stilling, tener kvinner mindre enn menn i alle sektorar. I snitt er kvinnene si gjennomsnittlege bruttoinntekt rundt 180 000 kroner mindre enn menn si inntekt.   

Skeiv fordeling av ressursar i arbeidsmarknaden er eit tema nokre feministar er engasjert i. Kva som er grunnen til det og korleis det skal fiksast er dei ueinige om, men alle er samrådd om at det er uheldig. Dette er sjølve grunnsteinen i feminisme.

LES OGSÅ: 9. mars i år kom Inger Helgestad ut av skåpet – som feminist

Kjønnsurett rammar ikkje berre kvinner. Men når me snakkar om feminisme, snakkar me om dei problema som rammar kvinner. Urett som treff menn eller andre menneskevariantar er ein annan debatt. Feminisme er ikkje viktigare enn rasisme eller maskulinisme, men er ei like viktig grein i det store, komplekse diskrimineringssystemet. Sidan kvinner framleis tener mindre enn menn, kan me heller ikkje slutte å snakke om det.

Dei teoriane du meiner forklarar undertrykkinga, eller dei strategiane du meiner vil løyse problemet er det som avgjer kor du står politisk. Syns du at kvinner skal få moglegheit til å velje sjølv om dei vil vera heimeverande eller arbeidstakar, og at kontantstøtta er ein måte å gjer dette på? Eller ser du på arbeid som frigjerande for kvinner, og at alle difor burde ha barna i barnehage?  Begge synspunkta har eit feministisk utgangspunkt; begge vil heve kvinners stilling, den eine frå politisk høgre og den andre frå politisk venstre.

Men det er skilnad på menn og kvinner, seier du. I feministteori heiter det forskjellsfeminisme og likskapsfeminisme. Liksskapsfeministane meiner at menn og kvinner skal bli behandla likt. Forskjellsfeministane tar utgangspunkt i at kvinner og menn er forskjellige, difor skal me bli behandla forskjellig – men ikkje urettferdig. Kva slags kjønnsorgan ein har skal ikkje påverka lønnsforhandlingane.

Det er dette me snakkar om når me snakkar om feminisme. Syntest du at kvinner og menn skal ha like moglegheiter på jobb? Er du som Sylvi motstandar av sosial kontroll av jenter og kvinner? Gratulerer, du er ein feminist. Ferdigsnakka. Så kan me gå vidare til å diskutere viktigare sakar, nemleg korleis me skal oppnå full likestilling.

Kjelder: UNDP, Institutt for Samfunnsforskning, SSB.