Magasinett

Synsingar

Utskrift

«Denne scena er første gongen at eg ikkje kjøper Skam heilt»

Skrive av Mette Karlsvik .

Foto: NRK

Mette Karlsvik tar ein Julie Andem og går empirisk til verks for å finne ut ting om ungdommen no til dags.

 

Vilde, Noora og Eva sit i vindaugskarmen i trappa og ser ned i skulegarden. Vilde vurderer jentene for å finne ut kven av dei som William kan like. Skildringane til Vilde går slik: Tjukk eller tynn. Ho vurderer ikkje om jentene smiler eller ikkje, om dei ser snille og gode ut eller ikkje, om dei har stram og sunn kropp eller ser slappe og sjuke ut. Tynn, tjukk. Denne scena er første gongen at eg ikkje kjøper Skam heilt. Eg set liten min og trua mi til at ungdommar i dag har ein meir mangfaldig forståing av venleiksomgrep. Så eg må stoppe litt opp.

Jupp, cirka i femte episode i andre sesong tar eg ei pause. Skam på meg. Men eg skal ikkje synse om ein serie som eg ikkje har sett ferdig.

Eg treng berre å finne ut om bildet av Vilde er realistisk. Om Vildes naive menneskesyn er representativt.

Så eg set meg ned med min venninne «A» (13) og tar ein prat.

Eg spør om ho og venninnene snakkar om utsjåande på den måten.

Tjukk, tynn.

«A» seier at det kjem an på. At nokre gongar gjer dei det og andre gongar ikkje.

Så spør «A» meg om hjelp til å velje eitt av sjølvbilda sine frå denne dagen, denne praten.

Jau. Men dei er så fine, alle saman.

Kva med ei rekkje, foreslår eg.

Nei, det kan berre vere eitt.

Eitt sjølvbilde om dagen, det er regelen.

«A» blar forbi dei bilda eg liker best, der ho smiler og ser oppriktig glad ut.

Det ser ikkje ut som at ho vurderer andletet eller uttrykket sitt men korleis kroppen tar seg ut.

Bildet ho vel er eitt der kroppen tar seg godt ut.

Så viser ho meg dei andre bilda: På alle bilda er ho med ei venninne. Ho fortel kven venninnene er, at dei er populære, og kvifor dei er populære:

Fordi dei er pene, søte, greie, morosame men mest av alt dette uforklarlege «søte», den sjarmen som gjer dei klem-bare.

Men ho, seier «A», og viser eit bilde av ei venninne. Ho er veldig tynn men snakkar likevel om å slanke seg.

Skal eg seie noko til henne? spør «A».

Sjølvsagt.

Men korleis?

Vi snakkar om korleis Noora snakkar med Vilde i Skam.

Det er forlengst opplese og vedtatt at Skam er universell, at dei seier noko om det å vere menneske, ikkje berre å vere ungdom, og at det difor er ein god serie å sjå saman og ha som grunnlag for samtalar med dei unge.

Ein spionerer ikkje på ungdommar. Vi spionerer på oss sjølve, alle i hopen. For, som Sigrid Undset i sin tid sa: Tidene endrar seg. Menneska sine hjarte gjer ikkje det.

Hjernen bak serien er inne i hovudet til Julie Andem. Og eg trur også at hjartet hennar må vere i denne serien, som går så tett på det å vere menneske.

Julie er allereie ein klok og dyktig tekstforfattar, som har vore fast tilsett i NRK sidan 2007. Då var ho 22-23 år gamal.

Før Julie skreiv Skam-manus, reiste ho rundt i Noreg og intervjua tenåringar for å høyre korleis dei har det, kva dei driv med og kva dei treng å høyre for å ha det betre.

Dette er ein metode utvikla i USA som der heiter «Needs Approach Benefit Competition», og som hjelper manusforfattaren til å skrive den typen scener som hjelper ungdommar.

Og vaksne, ser det ut til, sidan vi ser Skam. Hovudfunnet som Andem gjorde var at vi alle opplever forventningspress. At vi skal sjå bra ut, gjere det godt på skule og i det sosiale.

Andem ønskte å lage ein TV-serie som bidreg til å dempe prestasjonspresset. Det gjer ho mellom anna med å setje opp ein spegel framfor oss. Ho viser korleis vi er og kva vi gjer og viser også alternative måtar å vere eller gjere.

Sannsynlegvis har Julie også eigen erfaring frå prestasjonskrav. Ho framstår som ei barnestjerne, som veldig dyktig veldig tidleg. Det er ikkje lett å få fast jobb i NRK. Og iallfall ikkje 22 år gamal, som Andem då var.

Men dette med tjukk og tynn. Har eg komme nærmare ei forståing av det? Dette sit eg att med, først og fremst:

«A» er ei innmari god venninne. Det å vere venninne ser ut til å vere det viktigaste.

Viktigare enn familie?

Kanskje.

Viktigare enn å gjere det godt på skulen, i idrett, musikk eller kva ein elles driv med på fritida.

«A» syner meg bilde av vennene sine som om dei var familie, som om de betyr liv og død, desse, akkurat desse.

Ho fortel om uroa for å miste den og den venninna på grunn av sånn og sånn. At det gjer henne så trist at ho, som ho kallar det «har felt nokre tårar».

Så kva skal eg seie?

Eg grip til Skam igjen, og hugsar denne scena:

Eva trur ho er svartelista av RAD-jentene i 3. klasse. Ho er svevnlaus av det og lukkar seg inne. Ho vil helst flytte, men får råd frå Isak: snakk med dei.

Eva snakkar med tredjeklassingane og får eit lite foredrag om å vere førsteklassing og ikkje sjå lenger enn til der og då:

Å tru at alt som då finst er alt som finst og ikkje vite at alt kjem til å endre seg.

Eg vil seie noko om det, noko av typen «Du er så ung, du skal miste mange og mykje før du finn kva som er heilt rett for deg. At alt er ei læringsprosess og så vidare.»

Men eg blir deprimert av eigne tankar og blir stille.

Så svarar «A» seg sjølv, og seier «Det er jo ikkje slik at ein mistar venner gjennom livet. Ein finn berre ut kven som er dei ekte vennene.»

Måtte «A» bli min ven for livet, tenkjer eg då.


LES OGSÅ: SKAM-skapar: – Dette kan vi lære av William