Magasinett

Synsingar

Utskrift

Hyllest til ein gamal idiot

Skrive av Erlend Skjetne .

Foto: ZolHaj/Wikipedia/CC BY-SA-3.0-lisens

Kor smart er det eigentleg med smarttelefon?

 

Reklame er ikkje noko eg vanlegvis driv med, anna enn for alkohol, tobakk og ulovleg fyrverkeri. Men i dag skriv eg på oppdrag for Nokia, som løner meg noko heilt sinnssjukt for å drive «content marketing» for ein av dei råaste mobilmodellane deira.

Nokia 100 er ein robust, men samstundes lett og hendig telefon, bitte liten, men full av funksjonar. Han har ringjefunksjon og meldingsfunksjon, både inngåande og utgåande, og plass til ei lang liste over telefonnummer til familie og vener, for ikkje å seia ein liten kjærast.

Men ikkje nok med det: Han kan òg fungere som klokke! Du kan altså til alle tider sjå kva klokka er, berre ved å kike på mobilen. Fiffig, eller kva?

Når du no ikkje trudde det kunne bli betre, blir det likevel nettopp det: For telefonen har òg kalender – og kalkulator!

Sjølv kjøpte eg min noverande Nokia 100 i 2011, og sidan har eg følt meg vakker og lykkeleg. Det er ikkje så rart, for eg har nemleg òg vore rik. Det vonde tunger vil kalle ein «dumtelefon» kosta nemleg berre kr. 299, men han har vara og vara, og varar enno. Er no det så dumt? Dette medan konkurrerande såkalla smarttelefonar kostar ein veritabel formue, men ser ut til å ha innlagt såkalla «planned obsolescence», eit gamalt triks frå produsenten si side, som gjer at telefonen etter maks eit par år ganske enkelt sluttar å fungere, slik at du må kjøpe ein ny.

Å reparere ein øydelagt smarttelefon for eigen maskin, er iallfall heilt umogleg. Dei er endåtil laga svært glatte, slik at det skal vera lettast mogleg å miste dei i bakken, eller – kva like vanleg er – i do.

For å auke sjansen for at smarttelefonen rett og slett skal brenne opp, har produsenten òg gjort batterikapasiteten forsvinnande liten, slik at ein må lade batteriet i eininga. Dette i motsetnad til dumtelefonen, som med normal bruk må ladast rundt éin gong i veka.

Desse praktiske fordelane er likevel for småtteri å rekne mot dei store og djuptgripande positive verknadene bruken av ein dumtelefon – altså i staden for ein smarttelefon – vil ha på sjølve den mentale livskvaliteten din.

Viss du har ein normal smarttelefon med internett og kamera, er det ingen grenser for meiningslaust tull du til ei kvar tid kan gjera.

Du kan sjekke nettaviser, og sjekke dei same nettavisene to minutt seinare.

Du kan sjekke Facebook, og sjekke Facebook att to minutt seinare.

Du kan ta eit bilete av deg sjølv og sende det til venene dine.

Du kan ta endå eit bilete av deg sjølv og sende det til venene dine.

Du kan ta eit bilete av deg sjølv, og deretter gje det biletet katteøyro eller grisenase. Dette medan ungen din skrik etter merksemd, medan ein einsam granne ventar på vitjing, medan biblioteket er fullt av bøker du kunne ha lese, eller medan eit vakkert landskap glid forbi utom bussvindauga, med eit rådyr som gløttar fram frå skogkanten for å helse på deg ...

Eg ser utviklinga i krystallisert form nettopp på den halvtimes bussturen min til og frå jobb.

Nokre fåe på bussen snakkar saman, les bøker eller stirer ut vindauga, men dei fleste sit og trykkjer på smarttelefonar. Dei ser fullstendig uinteresserte ut, og det er openbert at dei ikkje gjer noko viktig på telefonane sine. Men trykkje gjer dei likevel.

Sjølv føler eg meg meir enn påkobla nok, men har ingen grunn til å trykkje på telefonen min. Ingenting hender jo der.

Eg har ikkje tilgang til Facebook.

Eg får ingen bilete av venene mine med katteøyro og grisenase.

Eg anar ikkje kva som har skjedd i verda dei siste to minutta, og det er eg sjeleglad for, for sannsynlegvis er det berre meir av det same tullet og vaset, den same egoismen og forfengelegheita, den same smerta og lidinga som eg las om i papiravisa dagen før.