Magasinett

Skrivekløe

Utskrift

Skrivekonkurranse om livet på nett

Skrive av Svein Olav Langåker .

Illustrasjonsfoto: Dennis Skley/CC BY-ND 2.0-lisens

Framtida.no og Magasinett inviterer til skrivekonkurranse for ungdom.

 

Me premierer førsteplassen med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Tips til kva du kan skrive om:

Korleis trur du ny teknologi vil endra liva våre i framtida? Er det noko teknologi du fryktar?

Store selskap som Facebook, Google og Apple samlar informasjon om alt du gjer på nettet. Korleis påverkar det kvardagen til deg og andre unge?

Kva vil det seia å ha rett til eit privatliv i dagens samfunn?

Kva gjer det med oss å spele dataspel? Kan du bli eit betre eller dårlegare menneske av det? La deg inspirere av desse tekstane: http://framtida.no/articles/krigsbrotsverk-i-dataspel-bor-straffast
http://framtida.no/articles/spel-er-ikkje-berre-spel

Kor er du mest deg sjølv? På internett eller i «det verkelege livet»?
 

Sjanger: Debattartikkel/lesarbrev eller intervju

Lengde: Maks 4000 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!

Premie: 1. plass: 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Målform: Nynorsk

Innleveringsfrist: 11. desember

Teksten din kan du sende inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.">Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.!

Ta kontakt på epost, viss du har spørsmål!