Magasinett

Skrivekløe

Utskrift

Skrivekonkurranse om innvandring og integrering

Skrive av Svein Olav Langåker .

Skriv om korleis du meiner me bør ta i mot flyktningane som kjem til Noreg.

 

Framtida.no og Magasinett inviterer til skrivekonkurranse for ungdom.

Me premierer førsteplassen med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Tips til kva du kan skrive om:
Korleis kan me ta i mot dei som kjem på ein god måte?
Kva kan unge gjera for å bidra til integrering?
Har me rasisme i Noreg i dag og korleis kjem den til syne?
Kva fordommar finst i Noreg, og kva kan desse føra til?
Korleis kan me motverka radikalisering?
Korleis kan me hindra at ei høgreekstrem bølgje, som me ser er på frammarsj elles i Europa, kjem til Noreg?
Kva har Noreg og nordmenn ansvar for å bidra med i flyktningkrisa?

Sjanger: Debattartikkel/lesarbrev eller intervju
Lengde: Maks 3500 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!
Målform: Nynorsk
Premie: 1. plass: 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Innleveringsfrist: 7. mars

Teksten din kan du sende inn her på Framtida.origo.no eller til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.!
Ta kontakt på epost, viss du har spørsmål!