Magasinett

Skrivekløe

Utskrift

Skrivekonkurranse: Kva skal me leva av i framtida?

Skrive av Svein Olav Langåker .

Foto: Remko van Dokkum/CC BY 2.0-lisens

Skriv om kva du meiner me bør leva av i framtida! Over 3.000 kroner i premiar.



Framtida.no og Magasinett inviterer til skrivekonkurranse for ungdom.

Me premierer førsteplassen med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.

Tips til kva du kan skrive om:
- korleis kan samfunnet vårt bli meir berekraftig?
- kva er løysinga på klimautfordringane?
- kva skal me leva for i framtida?
- kva yrke og utdanning vil det vera behov for i framtida?
- kva vil vera framtida for lokalsamfunna som i dag er avhengige av oljeindustrien?
- korleis kan ein klara å halda oppe busetnaden over heile landet?
- korleis ser draumesamfunnet ditt ut?

Sjanger: Artikkel, lesarbrev, kronikk, kåseri eller petit
Lengde: Maks 3500 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!
Premie: 1. plass: 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Aldersgrense: under 22 år
Innleveringsfrist (utvida): 13. oktober 2015

Teksten din kan du sende inn her på Framtida.origo.no eller til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.!

Ta kontakt på epost, viss du har spørsmål!