Magasinett

Skrivekløe

Utskrift

Skrivekonkurranse om Grunnlova

Skrive av Svein Olav Langåker .

Skriv om Grunnlova – premiar for 6000 kroner!

 

Magasinett.no arrangerer skrivekonkurranse om Grunnlova i samarbeid med Framtida.no. Skriv ei av oppgåvene under. Vinnaren får 5000 kroner, medan resten er med i trekkinga av bøker.

Oppgåve 1:
Les først desse artiklane:
http://framtida.no/articles/noreg-ma-ta-toffe-klimagrep
http://framtida.no/articles/verda-ma-tilpassa-seg-uviss-klimaframtid

Paragraf 110 b i Grunnlova lyder:
«Enhver har Ret til et Milieu som sikrer Sundhed og til en Natur hvis Produktionsævne og Mangfold bevares. Naturens Ressourcer skulle disponeres ud fra en langsigtig og alsidig Betragtning, der ivaretager denne Ret ogsaa for Efterslægten.
For at ivaretage deres Ret i Henhold til foregaaende Led, ere Borgerne berettigede til Kundskab om Naturmilieuets Tilstand og om Virkningerne af planlagte og iværksatte Indgreb i Naturen.

Skriv om kva denne paragrafen betyr for deg! I kva grad meiner du dagens politikk er berekraftig? Kva meiner du bør gjerast for å sikra etterslekta eit miljø som tar vare på mangfaldet og produksjonsevna?

Oppgåve 2:

Les denne saka:
http://framtida.no/articles/nynorsk-grunnlov
og evt. fleire saker her: http://framtida.no/tags/grunnlova

Drøft desse spørsmåla i lys av norsk språkpolitikk og språkdebatt frå år 1900 til i dag:
Bør språket i Grunnlova moderniserast?
Bør Grunnlova vera på både nynorsk og bokmål?

Sjanger: Artikkel, lesarbrev, kronikk, kåseri eller petit
Lengde: Maks 3500 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!
Premie: 1. plass: 5000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Aldersgrense: under 21 år
Innleveringsfrist: 17. mai 2014

Teksten din kan du sende inn her på Framtida.origo.no!

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.