Utskrift

Blikk for våren

Skrive av Erlend Skjetne .

FOTO: Looking Glass/Flickr/CC-lisens

“Hun / som tar myggsvermene / på beite // og blåser rosa / tyggegummibobler // med flaskeskip / i. Hun!”

 

Slik går eit heilt lite dikt av ein som ikkje så ofte skriv slike dikt. Eg har kome til å tenkje på desse linene no igjen. Dei verkar så spøkefulle, lettbeinte, men så er dei likevel så adekvate som uttrykk for ei kjensle vi av og til kan bli slegne av alle i hop, kanskje serleg no når det byrjar bli vår. Det er lang veg enno, førebels er det så vidt det skinnmagre sollyset har krefter til å klamre seg fast til horisonten om kveldane, men det veks seg sterkare for kvar augneblink som går, og for dei som lever i dette is- og berglandet blir det ei orsaking for og ei hjelp til endeleg å heva blikket igjen, kort sagt til å sjå, heller enn å kave i stint mørker og djupsnø og måtte ta seg i vare for stålisen. Lite kan gjera meg så høgstemt og patetisk som det blasse tøyvêret og issørpa fyrst i mars. Det måtte i så fall nettopp vera henne. Ikkje akkurat ho med myggsvermane, og med tyggegummiboblane med flaskeskip i, men ei eg likar å tru at liknar henne. Den kjensla eg tykkjer desse stutte, skjemtsame strofene set så veldig godt ord på, er nettopp røynsla av ein plutseleg “mindfulness”, som det heiter på engelsk, andsynes eit anna menneske – ei brå merksemd på einkvan annan. Forelsking, kunne ein kan hende kalle det, men det er i så fall det aller fyrste og i grunnen aller mest spennande stadiet av forelskinga, det som ligg nærast den famøse “kjærleik ved fyrste blikk”. For eg trur ikkje at han som talar i diktet kjenner henne han skriv om, han ser henne snarare på fråstand, og veit instinktivt, på grunn av desse gåtefulle myggsvermane og tyggegummiboblene som berre han sjølv kan ane kva står for, at det er noko sers med henne. Det er ikkje eit av dei mange han og ho ein stendig støyter på og passerer og gløymer, det er ho, ho med utropsteiknet bak.

 

Så blir dette diktet altså så gjævt å resitere i hovudet sitt, fordi ein kan lesa ikkje berre den mystiske namnlause med myggsvermane, men sin eigen spesielle person rett inn i det, eller ut av det, mana henne fram for augo og tenkje røysta hennar i hovudet. Ho på mi eiga høgd, neppe meir enn 1,65, ho med det pistrete oskeblonde håret og det milde, men vaktsame blikket i det bleike andletet over den litt for store genseren og dei magre guteknea i den loslitne strømpebuksa. Ho som også eg berre har observert, rett nok mange gonger, i korridorane og på biblioteket og på bussen, og som eg i forbifarta har høyrd av andre kva heiter. Ho går visst same line som meg, ei klasse under. Det har aldri falle så mykje som eit ord imellom oss, men av ein eller annan grunn har vi alltid veksla blikk når vi tilfeldig har passert einannan. Ho plar smile skakt, usikkert til meg, og eg veit ikkje sjølv kva andletsuttrykk eg plar setja opp i retur, men eg trur det er ein tvilande smil det òg, kan hende akkompagnert av eit blygt lite nikk, eller berre ei lita rykning i augebryna; eg veit verkeleg ikkje, for det å råke henne såleis, beint imot, har alltid vore så altfor for mykje for dei sensitive augo mine, slik at eg berre har senka dei, sett bort. Men ikkje di mindre tek ho stor plass i meg: Namnet hennar har heimstad på tunga mi, og når dikt og songar og bilete alle veit å fortelja melankolikaren kor einsam han er, eller kor vakker våren er, vakar ho like innunder yta og tenner eit blaff av von med blikket sitt.

Vona, altså, om ein dag å råke henne akkurat idet eg blir ramma av eit uventa mot, om at sollyset skal bråne dei stolne blikka mine til ord, som kan snakke seg inntil det utropsteiknet også ho er, i mitt liv. I tillegg kjem den urealistiske tanken at ho kanskje kan koma til å lesa dette her, denne teksten, og skjøna at det er henne eg skriv om, slik ein i yngre dagar kan hende rita eitkvart namn med eit hjarta rundt, på ein vegg eller ein trestomn eller – endå meir resignert – i den smeltande snøen eller den våte grusen under han, slikt som neste regnskyll uavvendeleg vil vaske vekk. Korleis skal det vel forresten kunne skje at ho finn meg, når ho alltid flakkar rundt i draumar og dikt, med sine metaforiske myggsvermar på beite, siglande på flaskeskip i rosa tyggegummibobler. Men det er éin ting eg veit vi har til felles, det er våren, og difor klamrar eg meg til den fantasien, at våren skal føre oss saman.