Utskrift

Møtt med forbyding og forakt

Skrive av Britt Mari Engeskar .

Asfaltengel. FOTO: Jayson Emery/Flickr/CClisens

Det luktar fattigdom, sjukdom og skam.

Fleire månadar, kanskje års skitt har samla seg i alt av hårvekst og dekkjer det meste av huda. Innhald som er sølt utover kleda har klistra seg fast til den magre kroppen. Utsliten med store posar under auga, ustelte og skitne negler og full av sår. Dei fleste snur seg i motbyding og forakt. Ser ned i bakken, tek ein omveg eller lukkar både auga og nasen i det dei passerer. Dei narkomane kan ramla saman rett framføre oss utan at nokon gjer noko. Dei narkomane er ikkje nokon me vil identifisera oss med. Det er dei det er noko gale med, det er deira skyld at dei er slik dei er. Det einaste me kan gjera er å lukka auga eller å sjå ein annan veg. Dei er ikkje ein del av samfunnet, det er absolutt ingen vits i å bry seg.

Kvar gong eg passerer narkomane som sit i fosterstilling med plastikkposane sine, får eg vondt inni meg. Oftast har dei satt fram ein kopp frå ein bensinstasjon der dei håpar at nokre snille sjeler kjem til å leggja litt småmyntar i – for å tena pengar for eit skot eller to. Kroppane skrik av underernæring, auga lengtar etter ei god natts svevn, sjela er på vill jakt etter ro. Alt eit kvart menneske ynskjer seg - ein plass å bu, ein stabil økonomi, mat til å metta magen og kjærleik.

Å sjå slike menneske gjev meg ei kjensle om at hjarta mitt knekk i to. Det gjer fysisk vondt på innsida mi, og eg føler at alt håp for menneskeheita forsvinn. Eg vil gi desse menneska ein god klem, mat og husly. Eg har lyst til å bruka bensinstasjonslønna mi på å hjelpa alle dei som har det verre enn meg. I staden gjer eg det eg kan gjera – eg ein fast kjøpar av bladet Asfalt, eg snakkar openriktig og snilt med dei viss dei tek kontakt. Ser eg ein som sit i fosterstilling inntil ein butikkvegg set eg meg ned og snakkar med vedkommande. Er dei svoltne, kjøper eg mat og drikke til dei. Eg vil ikkje at andre skal ha det vondt. Eg klarar det ikkje, eg vil hjelpa.

Noko eg synast er ekstra vondt å oppleve er å sjå at andre medmenneske behandlar narkomane som dei var søppel eller ein laushund med rabies. Når nokon svarar dei uhøfleg, ignorerar dei eller er frekke får eg lyst til å stikka handa deira inn i hamburgermaskinen eg har på jobb. Eg skjønar ikkje at andre menneske ikkje kan sjå at narkomane, spesielt dei som ikkje kjem seg ut av det kaoset av misbruk, har tatt val tidlegare i livet som har fått triste og uheldige følgjer. Sjølv om desse vala var sjølvvalt er det framleis eit feilsteg som skaper enorme konsekvensar for vedkommande. Feilsteg er menneskeleg – det er noko alle kan gjera. Eg følar at alle bør verkeleg få moglegheita til å klara seg gjennom livet, og med litt medmenneskelegheit og hjelp blir livet litt betre. Korleis kan velferdsstaten Noreg godta at narkomane frys i hel i gatene våre? Korleis kan du berre gå forbi nokon som du ser har det vondt, utan å snakka med dei? Kvar er hjarta til den gjennomsnittslege nordmann blitt av?

Eg kjøper Asfalt kvar gong det kjem eit nytt blad. Som regel frå den same seljaren, fordi eg har utvikla ein veldig sympati og denne jenta har ein stor plass i hjarta mitt. Ho kjem å pratar med meg av og til. Eg ser korleis ho forandrar seg. Den eine gongen ser ansiktet dradd ut, augo er raude av søvnmangel og hendene skjelv. Andre gongar er ho litt meir fatta. Men ho smilar alltid. Sjølv om hovudet hennar er kaos og kroppen skrik etter narkotikum. Ho er alltid så ufatteleg snill, aldri dømmande og er rett og slett eit så fantastisk menneske, eit menneske som eg får vondt av å sjå lida på den måten.  Me har snakka litt om Asfalt. Ho opplever ofte å bli sett ned på for å selja eit blad, for mange føler at ho går å tiggar etter meir pengar til knark.  Men for ho er det ein grunn til å stå opp om morgonen, for å ta kontakt med menneska som bølgjer gjennom gatene og ho seier sjølv at det er eit steg for ho til å bli betre. Å vera Asfalt-seljar er ein skikkeleg jobb, og det er absolutt ingenting å sjå ned på. Me burde vera imøtekommande når Asfalt-seljarar tek kontakt. Prøv å sett deg inn i situasjonen deira; du vert sett ned på i samfunnet fordi du er avhengig av eit stoff som gjer slik at det einaste kroppen din higar etter er meir. Meir, meir, meir. Prøv å tenkja deg at det å i det heile ta kontakt med andre menneske – menneske som behandlar deg som drit, som snur seg ein annan veg når du går forbi, som rynkar på nasen, ler og snakkar høglytt nedlatande ting om deg. Er det så lett å vera Asfalt-seljar likevel?

Eg har forståing at mange ikkje vil erkjenna den menneskelege redselen for det uforståelege, det forstyrrande, det farlege. Men likevel, å oppleva at menneska rundt meg ikkje behandlar narkomane som eit menneske, gjer vondt langt inn i margen. Kan du ikkje behandla narkomane med høflegheit og forståing, vil eg ikkje kalla deg eit godt medmenneske. Verda er langt i frå perfekt, og nokre vil aldri klara å slutta med stoff uansett kor god støttebehandling dei vert møtt med. Andre igjen ynskjer ikkje hjelp og andre klarar ikkje å koma i mål. Det er ikkje nødvendigvis alltid stoffet som drep, det er også den livssituasjonen den stoffavhengige lev i. Prøv å ha litt forståing for situasjonen dei narkomane er i. Ein treng ikkje meir enn eit smil for å vera fantastisk, og det får du av narkomane berre du snakkar litt med dei. Dei er så utroleg takknemlege for det vesle dei får av menneska rundt dei. Berre tenk litt etter og prøv å visa forståing, for det er ikkje alle som har det like bra som deg.