Magasinett

Utskrift

«Det er eit SKIRENN. La det synke inn.»

Skrive av Inger Helgestad .

Det blei svært dramatisk då lagsprinten for herrer skulle avgjerast søndag. Iivo Niskanen og Emil Iversen kolliderte like før oppløpet. Foto: skjermdump frå sendinga til NRK

«At menneske her i Noregs land kan bli så sinte på ein stakkars skiløpar som trass alt gjorde sitt beste, det skremmer meg», skriv Inger Helgestad.

 

I og med at det var helg og ski-VM, så reknar eg med at ganske mange såg lagsprinten for menn som gjekk på søndag, og som dermed også fekk med seg dagens store snakkis: Emil Iversen sitt fall.

Eg har ingen kompetanse til å dømme kva som var feil – det er derimot reaksjonane i etterkant som har vekka meg. For når avisene delte sine saker om hendinga på Facebook og vanlege, opprørte, sinte nordmenn som hadde opplevd dagens største katastrofe (at Noreg ikkje fekk gull) kunne la fingrane fly over tastaturet og uttrykke seg fritt – det var først då eg reagerte.

Kommentarfelt er noko eg generelt prøver å unngå, nettopp fordi eg 95 prosent av tida blir opprørt og sint, men denne gongen var det umogleg.

Menneska i kommentarfeltet var godt i gang med å spreie sine meiningar om Iversen allereie før han sjølv hadde fått uttale seg på TV eller før kommentatorane på TV sjølve visste kva dei skulle seie om saka. At menneske her i Noregs land kan bli så sinte på ein stakkars skiløpar som trass alt gjorde sitt beste, det skremmer meg litt.

Eg blir sint.

La meg forklare kvifor i ei enkel framstilling på tre punkt:

1. Det er eit SKIRENN. Eit skirenn. La det synke inn. Det er lov å bli engasjert i sport på TV, det er lov å skrike og rope, juble og bli skuffa og sint. Men prøv å hald uttalane innanfor husets fire veggar, og særleg dersom ein går til angrep på enkeltpersonar. Er det verkeleg verdt å spreie hat til eit enkelt menneske på Facebook, og elles på Internett, på grunn av eit skirenn?

2. Tenk litt over at personen, skiløparen, på TV er eit menneske. Og ikkje berre eit menneske, men eit menneske med internettilgang. Han kan utan problem gå inn på Facebook og lese alle desse kommentarane om seg sjølv, og det er ikkje sikkert han treng å oppsøke dei eingong. Slikt dukkar støtt og stadig opp i Facebook-feeden, og det kan ikkje vere særleg kjekt å sjå. Han føler seg heilt sikkert ikkje så bra frå før, og må nok gjennomgå løpet veldig, veldig mange gonger med både trenarar, reportarar og andre løparar, og treng derfor ikkje meiningane til alt av nordmenn der ute som ikkje klarte å styre seg, og som gløymde at det var eit menneske med kjensler dei såg på TV-skjermen.

3. Er du sjølv fullstendig feilfri på jobb? Har du aldri gjort ein einaste feil i ditt yrke? Eg veit i alle fall at eg har gjort feil, både i sommarjobbar, på skulen og i studiar, og eg kjem garantert til å gjere mange, mange fleire før eg blir pensjonist. Iversen var på jobb og han gjorde ein feil, men tenk om du skulle blitt uthengt på Internett kvar gong du gjorde det same? Det hadde i alle fall ikkje eg likt, og eg er sjeleglad for at dei feila eg har gjort ikkje blei tatt opp i media, og at eg slapp å bli kalla for ein «klovn» av ukjende menneske i kommentarfeltet. 

Så, ver så snill og tenk dykk om før de uttalar dykk i slike situasjonar, særleg viss det omhandlar noko som kan likne personangrep.

La det stakkars mennesket få vere litt i fred, og skru i staden på nyhendesendinga og sjå på alt det grusame som skjer elles der ute i verda. Først deretter kan du spørje deg sjølv om denne mannen faktisk fortener å få alle desse skuldingane retta mot seg berre fordi han datt i eit skiløp, og kanskje gjorde noko som ikkje var heilt etter boka, men som trass alt var eit uhell. Det er medaljar det står om, og eg forstår at det er viktig, men det er faktisk ikkje alt. Livet går vidare.

Du som publikum har nok gløymd det til i morgon, men Iversen blir sannsynlegvis prega av dette i lengre tid, og din krasse kommentar om kor dårleg du synst han er, er berre med på å gjere heile situasjonen verre.