Magasinett

Utskrift

Ein gymlærars vedkjenningar

Skrive av Erlend Skjetne .

Foto: Colourbox

Finst det noko slikt som idrettsglede for oss fysisk stusslege?

 

I barndommen spela eg fotball. Eg likte det. Eg scora endåtil eit mål i ein kamp, då vi på det bynære laget Melhus spela på bortebane mot utkantbygda Soknedal. Det var mykje elgskit på banen, og det var den kampen då alle fekk score mål, for vi vann 16–0. Men med åra gjekk fotballen frå å vera leik til å bli alvor, alle dei andre byrja plutseleg kjefte når eg gjorde feil, og dimed miste eg interessa. Tolv år gamal slutta eg, for heller å byrja med bridge. Det var bra, for den sporten hadde eg eit visst talent for, medan dei gymnastiske ferdigheitene mine er stabilt elendige. Riktig nok fekk eg karakteren 5 i gym på vidaregåande, men det var fordi eg hadde same lærarinne i gym som i norsk, favorittfaget mitt.

Då eg var ferdig på vidaregåande, rekna eg meg òg for ferdig med det forferdelege gymfaget éin gong for alle. Men så gjekk det nokre år, og så ville lagnaden det såleis at eg byrja som ein slags lærar, i norsk og engelsk, på ein vidaregåande skule nordpå.

Det var utelukkande på grunn av akutt personalmangel at eg fekk jobb der i utgangspunktet, og av same grunn kom rektoren til meg på ein planleggingsdag, med eit spørsmål som sjokkerte meg:

«Kunne du òg sett deg råd for å ta nokre gymtimar?»

Det galdt ei gedigen klasse der dei var lovpålagt å ha to lærarar, men berre hadde éi i gymtimane; ergo trong dei meg som ein slags assistentlærar.

Diverre har eg aldri hatt evna til å seia nei, så eg sa noko slikt som:

«Tja, vel, eg veit ikkje heilt …» Men det vart oppfatta som eit ja.

Den same natta hadde eg panikkangst og fekk ikkje sova, og neste morgon gjekk eg faktisk til rektoren og sa at eg ikkje trudde at dette var nokon god idé. For riktig nok hadde eg scora eit mål mot Soknedal i 1996, men frå dét til faktisk å vera gymlærar …?

Diverre var det altfor seint å protestere, for eg var allereie skriven inn i timeplanen. Rektoren gav meg ein feit sjekk og bad meg gå til sportsbutikken og kjøpe treningsdress og skor.

Sjølvsagt var fyren i kassa på butikken ein av elevane eg snart skulle ha i gym, og rykta spreidde seg snøgt i bygda om denne gymlæraren som ikkje visste opp og ned på ei gymsko.

Men splitter nytt utstyr hadde eg iallfall, då fyrste gymtime byrja. Det minte meg om bataljar eg har hatt ved biljardbordet, der det er veldig viktig å stå og kritte køen som ein sann ekspert, for det ser jævla kult ut. Men så blir det liksom litt dumt når ein faktisk skal støyte, og ikkje eingong treffer kvitkula, men derimot skjer ei diger flenge i filten.

I gymtimen var eg igjen den sjenerte vesle nerden som prøvde å gøyme seg bort, medan kollegaen min gjorde alt arbeidet, og såg ut til more seg i lag med elevane som uansett var flinkare enn meg i absolutt alle idrettar. Det var til overmål utegym og iskaldt, og då eg kom heim måtte eg drikke ein masse Underberg for å koma meg til hektene igjen.

Lykkelegvis kom eg ganske snart over i eit anna segment av utdanningssektoren, norskopplæring for flyktningar.

Sjølvsagt smurde eg tjukt på til den nye sjefen min om all realkompetansen eg sat på innan gymfaget, og såleis fekk eg ansvar for at ein gjeng afghanske gutar skulle få spela litt fotball innimellom alle norsktimane.

Sjeldan har vel nokon lærar hatt mindre kontroll over elevane sine, for tilhøva var direkte jihadistiske: Det gjekk aldri ein omgang utan at minst to av gutane barka saman i eit heftig slagsmål, og beinbrot og andre skadar i sjølve spelet var normalt, utan at dommaren hadde nemneverdig sanksjonsmakt.

Sjølv fekk eg ein gong eit spark i ankelen som gjorde at eg knapt kunne gå den næraste månaden. Ein annan gong sprang eg loddbeint inn i skallen på ein diger bamse som visstnok skulle vera 17 år, men som såg ut som han var nærare 40, med ein blømande blåveis som resultat.

Det verste var likevel den gongen vi faktisk vann ein kamp – noko motstandarane riktig nok protesterte heftig på – og den eine medspelaren min vart så glad at han ville gje meg ein klem.

Han klemte meg så hardt at nokre ribbein må ha kollapsa, iallfall hadde eg vondt for å puste resten av skuleåret.

Men mashallah, kor morosamt det var! Fotballen er eit fantastisk spel, berre ein ikkje tek han for seriøst.

Men akk, dei kjære afghanarane mine vart sende til alle baugar og kantar, mange attende til Afghanistan, og det vart slutt på arbeidet mitt i det høge nord. Eg flytte sørover, og fortsette i same bransje der, men elevane mine no er vaksne folk utan den valdsame energien som tenåringane hadde.

Riktig nok har vi ein time «fysak» på planen kvar veke, men det blir i rolegare former. Førre veke gjekk vi ein tur frå skulen bort til brua, eit par hundre meter, for å lære ord som «elv» og «bru».

Veka før der song vi «Hode, skulder, kne og tå» eit titals gonger. Eg har riktig nok ingen ribbeinsbrot no, men generelt trur eg den fysiske helsa mi har vorte mykje dårlegare.

Difor var det veldig bra at ein kamerat av meg nyleg ringde og skulle ha meg med på det nye store, nemleg klatring eller såkalla buldring.

Eg greidde som vanleg ikkje å seia nei, men eigentleg var eg litt optimistisk òg: Kanskje kunne dette vera ein idrett for meg, no som den afghanske fotballen er historie? Så stod eg der i buldrehallen då, i treningsdressen og skorne frå då eg var gymlærar i vidaregåande, og lauga hendene mine i ein boks med kalk, som visstnok skal gje betre grep om klatringa.

Eg var rå på kalken, det var eg, følte meg som ein proff, og enda opp med kalk over heile kroppen. Så var det berre å byrja klatre, noko som synte seg mildt sagt utfordrande for ein som manglar all fleksibilitet og smidigheit, all styrke og koordinasjon, og ikkje minst alt mot – det store motet ein treng for å våge seg meir enn ein halvmeter over bakken.

I bakgrunnen stod kameraten min med mobilen sin og filma meg, og kringkasta tragikomikken til både kjende og ukjende på verdsveven.

Det einaste artige med buldringa, var at buldrehallen låg rett i nærleiken av E. C. Dahls bryggeri og pub.

Sveitt, stinkande og framleis kvit som ein snømann av all kalken, forlanga eg at vi måtte gå ein tur på puben. Det var viktig for meg å ta ein øl, så eg sporenstreks kunne leggje på meg att dei fåe gramma eg trena av meg på buldringa.

Eg trur ikkje eigentleg at eg ynskjer å bli nokon annan enn den eg er, aller minst ein atlet.