Magasinett

Utskrift

Gripande bok om ekskludering kledd som mørk humor

Skrive av Nhu Nguyen .

Foto: Agnete Brun/Samlaget

BOKMELDING: Med «Samtale ventar» har Marit Eikemo skrive ei fenomenal bok som tek opp viktige tema som einsemd og utanforskap.

 

Marit Eikemo er ein norsk forfattar, som vart fødd i 1971 i Odda. Boka «Samtale ventar» er den tredje og største romanen hennar, på nesten 400 sider. Ho vart gjeve ut i 2011 av Samlaget, og sikra Eikemo den årlege nynorske litteraturprisen det same året.

Dette er ei bok som kombinerer humor med alvorlege tema. Eks-journalisten Elisabeth Brenner blir gjennom NAV kontakta av nokre språkforskarar, som treng ein intervjuar til å hente inn dialektprøver i bygda Einvik. Dimed reiser ho dit, men det er berre eitt problem når det kjem til jobben. Ho slit med å skilje mellom jobb og privatliv, og klarer ikkje å vere profesjonell; ho fornærmar folk, lover og lyg, og får fram det verste ut i folk i intervjua hennar. Folk i den vesle bygda byrjar å bli meir og meir skeptiske til prosjekta hennar.

Eg opplevde byrjinga som treig, men ho er absolutt verdt å kome seg igjennom. Eg må innrømme at spenningskurva ikkje var altfor ofseleg, og at høgdepunktet kjem ganske seint. Men dette hindrar ikkje boka frå å vere utruleg bra! Etter kvart blir ein heilt oppslukt av ho, og ein lever seg fort inn i handlinga. Ein blir dradd med på Elisabeths ville opplevingar og  overraskingar. Alle tabbane ho gjer. Eg levde meg verkeleg inn i historia, på grunn av Eikemos fantastiske evnar til å skildre miljøet, dei realistiske karakterane og handlinga i seg sjølv. Teksta har indre spenning, og er skrive i tredjepersons-synsvinkel, slik at vi får innblikk i alle av hovudpersonane sine tankar og kjensler. Det var som om det var eg som opplevde handlinga. Fingrane mine var som klistra til omslaget – eg sleit verkeleg med å leggje ho frå meg. Aller fyrst tvilte eg på at eg kjem til å klare å fullføre heile boka, så det overraska meg at eg fullførte ho same dag! Opplevinga var heilt fantastisk – nokre gonger græt eg, og andre gonger satt eg og gapskratta. Marit Eikemo er aldeles ein forfattar å merkje seg!

Boka er verkeleg noko for seg sjølv. Ho liknar ikkje på nokon andre bøker eg har lese. Samtale ventar er ei av de bøkene du sit lenge med i ettertid og ikkje kjem over forfattarens originalitet. Eikemo kombinerer eit alvorleg tema med mørk humor. Ho skriv morosamt, men trist. Det ho skrev er ein tragedie, men på same tid ein komedie. Ein ting er det sikkert. Boka er eineståande.

Eg tvilte ikkje på historias truverdighet ein einaste gong. Romanen går føre seg i bygda Einevik, kvar folk lever simple bygdeliv. Om kveldane er Elisabeth, ofte i fellesrommet i brakka og sosialiserer med dei andre som bur der. Om dagen er ho på turar inn til sentrum på handleturar, eller er på jakt etter informantar til jobben hennar. Dette er ein av grunnane til at det er så lett å leve seg inn i historia.

Temaet er forkledd med humor og kjem dimed ikkje direkte frem. Men boka handlar om ein som har falle utanfor i fellesskapet og som desperat prøver å kome tilbake til samfunnet. Ho tek opp ulike former for fellesskap og utanforskap, og kor langt ein må gå for å møte og leve med andre menneske. «Samtale ventar» handlar om ein sterk lengt etter nærleik og fellesskap – og korleis Brenner foraktar seg sjølv og møter alle rundt seg med djup skepsis. Desse tinga øydelegg alle hennar mogelegheiter til intimitet. Ho kontaktar den lokale forfattaren for å ta ein språkprøve, og seinare av grunnar hun ikkje sjølv forstår. På Facebook legg ho ut lygner om eit perfekt og flott liv.

Kort oppsummert er dette ei fenomenal bok som tek opp viktige tema som einsemd og utanforskap. Ho etterlét alle lesarane sitjande og tenkja over korleis det er å leve i Noreg i dag utanfor det «standarde, perfekte livet». Eg tilrår denne til alle ungdomar og vaksne som greier å halde ut ein litt treg start, for så å møte den fantastiske handlinga. «Samtale ventar» har eit lettvint språk, som dei fleste vaksne og ungdomar kan handtere. Eg gjev ho terningkast 5!

Nhu Nguyen er elev på Mailand videregående skule i Lørenskog, og har skrive bokmeldinga som ein del av OD-dagen.