Utskrift

Lesing – det viktigaste grunnlaget for skrivekompetanse?

Skrive av Bente Kjos-Wenjum .

 

Spørsmålet vart reist på konferansen der lærarar og skulefolk var samla for å høyra korleis ein kan utvikle lese- og skrivekompetanse på ungdomssteget og på vidaregåande skule.



Konferansen «Rom for lesing og skriving på nynorsk» vart halden i Volda våren 2007. Professor Frøydis Hertzberg og forfattarane Erna Osland, Maria Parr og Per Olav Kaldestad snakka om kor bra det er å lese, om å vera med i forfattarklubben, om strenge norsklærarar, fryktlaus fantasi og om god nynorsk litteratur.

-  Lesing har avgjerande betyding for å bli ein god skrivar, sa professor Frøydis Hertzberg, ei av dei fremste i landet innan fagområdet lese- og skriveopplæring.

 

Du må lese
- Det er ikkje mogleg å lære rettskriving berre gjennom reglar, seier ho. Grammatikken er komplisert og det er mange unntak frå reglane. 

– Du må sjå skrivemåten og du må lese tekstar med avsnitt for å sjå korleis det skal gjerast.  Munnleg overlevering kan gje skrivelyst og skriveglede, men for å lære eit korrekt språk må det lesing til. Teoretisk kunnskap og evne til å skrive har ofte lite med kvarandre å gjere, sa Hertzberg og la til at skriftspråk tileignar ein seg først og fremst via lesing.

Hertzberg viste til forsking innan området og nemnde mellom anna Stephen Krashens berømte og omstridde hypotese om at skrivekompetanse berre kan utviklast gjennom store mengder sjølvmotivert og lystbetont lesing. Forsking i Norden viser at mykje fritidslesing slår positivt ut på skriveprestasjonane, anten det gjeld bøker eller aviser.

 

Skriveklubb
Lystlesing bidreg til at du får eit ynskje om å vere medlem i forfattarklubben sjølv. For lærarane vert det viktig å motivere elevane til både å lese og skrive.
– Dersom ungdommane skal få lyst til å verte medlem i skriveklubben må dei møte engasjerte lærarar som opptrer som skrivande menneskje, sa Hertzberg. Aller helst bør forfattarane inn i klasserommet slik at elevane får møte ein person som brenn for litteratur og skrivekunst.  Det er innlysande: Du kan ikkje invitere nokon med i ein klubb der du ikkje sjølv er medlem.

 

10. mai 2007