Arne Svingen reiser mykje rundt på forfattarbesøk på skular, og har
såleis hausta ein del erfaringar om både det å gjeste ein skuleklasse
og det å dele litterære gleder med barn.
– Eg opplever ikkje
at det er noko uttalt lesevegring i barnetrinnet, seier han. – Men når
me kjem opp i 7. klasse, så skjer det noko, og det kan verke som at
ungdomsskuleelevar ikkje synest det er spesielt kult å lese.
I
alle fall er det det elevane seier, men Svingen er ikkje sikker på om
dei snakkar sant. – Kanskje det ikkje er u-kult å vere ein lesar,
kanskje det berre er u-kult å seie at ein er ein lesar.
Snytt for opplevingar
Knut Nærum er oppteken av
at barn og unge har fått eit fordreid syn på litteraturen. – For norske
17 åringar trur eg ein roman framstår som ein lang, lang rebus.
Ungdommen trur det er ein fasit til boka og at dei må finne alle dei
rette svara.
Nærum meiner skulen er for opphengt i analyse og
verkemiddel, og at ein med det utgangspunktet snyt dei for det han
kalla gode lesarkick.
Boka, ikkje forfattaren
Men ikkje berre skulen
fekk passet sitt påskrive. Ifølgje Nærum har også kulturjournalistane
mykje av skulda for at samfunnet får eit vrangt bilde av kva litteratur
handlar om. Påstanden han var følgjande: Når ein forfattar som Kjartan
Fløgstad skriv om industrisamfunnet Sauda, så blir han intervjua om
industrisamfunna si rolle i historia, eller om noko personleg. Han blir
berre unntaksvis intervjua om romanen. – Boka er blitt eit biprodukt av
forfattaren. Det er ein praksis som må ta slutt, seier Nærum bestemt.
Gutar les ikkje
Eit spørsmål frå salen gjekk på
dette med korleis ein skal få gutane til å bli glade i å lese. Arne
Svingen meinte ein av grunnane til at unge gutar ikkje les, kan vere at
dei manglar lettleste bøker med eit spennande innhald som dei kunne ha
interesse av. Nærum på si side var ikkje så sikker på om det eigentleg
mangla bøker der ute, men kanskje at det heller mangla gode førebilete
for dei unge gutane. – Men er det eigentleg så viktig at gutar ikkje
les, utfordra Nærum. – Det er vel mest trist på deira eigne vegner.
27. oktober 2006