Magasinett

Til handboka

Utskrift

Lærarane er ikkje førebudde på Kunnskapsløftet

Skrive av Magasinett .

 

Lærarane har ikkje fått den naudsynte etterutdanninga for å møte det store Kunnskapsløftet, viser ei undersøking som Utdanningsforbundet har gjort.

(NPK): Berre 22 prosent av lærarane i grunnskulen og 15 prosent av lærarane i vidaregåande skule har fått tilstrekkeleg etterutdanning, fortel Aftenposten.
Nestleiar Per Aahlin i Utdanningsforbundet karakteriserer tala som «skremmande» ettersom det berre er fire månader til Kunnskapsløftet skal setjast ut i livet. Han meiner det må takast langt større sentralt ansvar for denne etterutdanninga dersom reforma skal bli eit reelt kunnskapsløft.

Statssekretær Åge Rosnes i Kunnskapsdepartementet har eit meir avslappa forhold til dette. Han viser til at staten har sett av 675 millionar kroner over to år, og at ein vesentleg del av kursinga skal gå føre seg i vår. (NPK)
April 2006