Utskrift

Betre nynorsk med tidleg start og skrivetrening

Skrive av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk pressekontor .

Tidleg start og meir skrivetrening er viktig for å kunne skrive betre nynorsk. Dette viser ei undersøking blant elevar og lærarar på 10. trinn og Vk1 allmennfag som TNS Gallup har gjort på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

– Kartlegginga gjev oss ny innsikt i korleis sidemålsundervisninga blir praktisert, og korleis forholda ligg til rette for opplæringa. Undersøkinga blir derfor viktig i det vidare arbeidet med å betre denne delen av norskfaget, seier direktør Petter Skarheim i Utdanningsdirektoratet.

Tryggare i sidemålet
Om lag 13 prosent av elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen har nynorsk som hovudmål. Undersøkinga viser at elevane med nynorsk som hovudmål er tryggare i sidemålet enn elevane med bokmål som hovudmål.
Heile 95 prosent av nynorskelevane på VK1 meiner at dei meistrar bokmålet godt, og får oftare betre karakter i sidemålet enn bokmålselevane. Blant bokmålselevane svarar 49 prosent at dei meistrar sidemålet. Samtidig meiner ein av fem bokmålselevar at dei treng meir skrivetrening for å bli betre i nynorsk.

Lite motiverte
Elevane er godt nøgde med sidemålskompetansen og engasjementet til lærarane. Lærarane er derimot meir skeptiske til motivasjonen hos elevane. Blant dei lærarane som underviser i nynorsk som sidemål på ungdomstrinnet, seier 40 prosent at forholda ikkje ligg til rette for sidemålsopplæring. 79 prosent av dei seier at manglande motivasjon hos elevane er hovudårsaka til dei dårlege undervisningsforholda.
Undersøkinga tyder på at dei av bokmålselevane som starter tidleg med nynorskopplæring, både meistrar nynorsk betre og er meir motiverte for sidemålet enn dei som starta seint. Det er også viktig for motivasjonen til elevane at skulen legg til rette for sidemålsopplæringa. Ved eit fleirtal av bokmålsskulane blir det i liten grad kjøpt inn eigne læremiddel til sidemålsundervisninga, eller bøker på nynorsk til skulebiblioteka. Utdanningsdirektoratet vil bruke resultata fra undersøkinga i arbeidet med ein strategiplan for nynorsk i opplæringa.

– Tidleg start betrar haldningane
– Det har vore hevda at sidemålsundervisninga gjev elevane negative haldningar til nynorsken. Resultata frå denne undersøkinga syner det motsette, nemleg at elevane vert meir positive til nynorsk til fleire år med nynorsk dei har, seier Anne Steinsvik Nordal i ein kommentar til undersøkinga. Nordal er leiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, og meiner det er viktig for språkhaldninga til elevane at dei tidleg får møte nynorsken som eit bruksspråk i skulen.
– Granskinga bør inspirere lærarane til å gje elevane meir og tidleg nynorskundervisning. Slik kan lærarane vera med på å gje elevane både betre språkkompetanse i norsk og meir positive haldningar til nynorsk, seier Steinsvik Nordal. (NPK)