Sidemålsdebatt i klasserommet
Eit forslag til målstrid i klasserommet.
Debatten om obligatorisk sidemål har gått høgt etter at Utdanningsdirektoratet i eit brev om framtida til norskfaget føreslår å kutta ut eigen karakter i sidemål.
Gå til samleside over sidemålsdebatten på Framtida.no!
Her har me samla fleire ressursar som kan vera mogleg å nytta i undervisinga:
Prøv deg på bokmålsquizen til Framtida.no!
Eller prøv deg på Ivar Aasen-quizen!
Are Kalvø: Rautegauken kjem!
Forslag til opplegg:
A. Lag munnleg diskusjon om sidemålet.
Dette opplegg kan vera med på å fylla fleire av kompetansemåla for munnleg norsk, sjå t.d. kompetansemåla for 10. trinn her!
Del klassen i tre evt. i seks + to elevar som er ordstyrarar.
Gruppe 1 (og 4): skal vera forkjemparar for obligatorisk sidemål
Gruppe 2 (og 5): skal vera forkjemparar for valfritt sidemål
Gruppe 3 (og 6): skal referera frå møtet
Før møtet bør elevane i del 1 og 2 skriva ned argument for sine synspunkt.
La gjerne elevane i Gruppe 3 velja mellom sjangrane avisartikkel og referat.
B. La elevane skriva lesarinnlegg, kåseri eller petit om sidemålsdebatten.
La dei gjerne senda innlegga sine inn på sona til Framtida.no!