Magasinett

Utskrift

Enkelt alvor

Skrive av Anita Svendheim .

 Andungen

Emilie Christensen debuterte med boka Andungen og jeg (jul) i 2007, og ga oss ei forteljing i ord og bilde som skil seg frå alt ein tidlegare har sett. Boka formidlar vanskelege tankar som einsemd, redsel og sakn gøymd bak korte setningar i eit barnsleg språk.

BokomslagI Andungen og jeg (jul) møter ein unge Emilie og bestevenen hennar; Andungen. Handlinga er lagt til litle julaftan som er full av einsemd og utryggleik for dei to vennene ettersom mamma og pappa ikkje er der. Gjennom boka får ein ta del i følelseslivet og samtalane deira som går på alt frå alvorlige ting som kor leit det er at mamma og pappa ikkje kan pynte treet med dei, til kor glad Andungen er i å teikne.

”andungen løper
jeg løper etter

han løper og
gjemmer seg under dynen

jeg gjemmer meg under dynen, jeg også

- vi var ikke slemme, hvisker jeg

- lover du?

- ja”

Ved første blikk ser dette ut som ei barnebok, med enkel framside og lite tekst. Likevel skiftar ein raskt meining ettersom ein startar å lese boka. Ein blir i tvil om dette er ei vaksen barnebok eller ei barnsleg vaksenbok. Språket er lett og konkret, teikningane er enkle og historia er ikkje veldig omfattande. Difor er dette ei bok som eit barn kan ha stor glede av. Likevel vil ein eldre lesar oppfatte alle kjenslene og alvoret som ligg bak dei enkle formuleringane. Sjølv med barnslege ord og få sider blir alvoret rundt einsemda, nærheita vennene har til kvarandre og varmen Emilie utstrålar ovanfor Andungen slåande sterk.

Sjølv om ein på førehand kan vera usikker på korleis ei slik bok kan bli gjennomført på ein god måte vil einkvar tvil bli fjerna frå første side. Presisjonen i formidlinga, det truverdige barnespråket og den såre handlinga ein kan ana bak orda og illustrasjonane gjer dette til eit kunstverk av ei bok. Andungen og jeg (jul) er eit strålande eksempel på at vanskelege kjensler kan bli like godt formidla sjølv om dei ikkje er overanalyserte og skildra i det lange og det breie. Det einaste negative med boka er at den er så kort at den er over før du føler den har starta, men så er det likevel noko fint med det også.

Dette var ei bok eg var veldig skeptisk til før eg byrja på ho, men Christensen og bestevenene overbeviste meg raskt om at dette ikkje var nok eit stakkarsleg forfattarforsøk på å vri om på bokforma for å lage noko nyskapande til einkvar pris. Dette er ei bok med sjel som grip deg på ein slik måte at du aldri heilt klarar å gløyme Emilie og Andungen. Heldigvis kom oppfølgjaren Andungen og jeg (torsdag) ut eitt år seinare slik ein kan glede seg over Chistensen sitt lekne språk og modige samansetningar nok eingong.