Magasinett

Skrivekløe

Utskrift

Skrivekonkurranse: Kva framtid vil du ha?

Skrive av Redaksjonen .

Framtida.no, Magasinett.no, Mot til å meina og Lølandsstiftinga inviterer til skrivekonkurranse for ungdom. Me håpar dette er interessant for elevane dine å bli med på!

Tilbake til 2020
Kva framtid vil du ha?

Temaet for konkurransen er korleis du ser for deg ei god framtid. Mange flyttar for å studera etter vidaregåande. Men kva skal til for at fleire flyttar heim igjen? Kva er ein god kommune å bu i?

Vi ønskjer å visa fram engasjementet til ungdom og bidra til større politisk deltaking og samfunnsengasjement. Du står fritt til å skriva om kva slags emne som gjeld framtida her i Noreg.

Vi premierer førsteplassen med 5000 kroner, 2. plass med 3000 kroner og 3. plass med 2000 kroner. Redaktørane i Framtida.no og Magasinett.no vil sitja i juryen saman med ungdommar frå Mot til å meina. Kåringa vil finna stad på Mot til å meina-konferansen Snakk med oss i Oslo 10.-11. mars.

Innleveringsfrist:  1. mars 2011

Lengde: Maks 3500 teikn (inkl. mellomrom)

Her kan du senda inn teksten!

Ta kontakt med Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. om du har spørsmål!

Les også om konkurransen på Lærarrommet!