Magasinett

Utskrift

Skrekk og gru – det er Halloween!

Skrive av Leif Tore Sædberg .

Halloween
I gamle dagar trudde ein døde sjeler kom fram og plaga dei levande på Halloween.

I vår tid er det bare barn og ungdom kledd ut som hekser eller daudingar som gjer nabolaget utrygt. Og du risikerer å bli offer for knep, viss du ikkje kjem fram med knasket.

Det stundar mot vinter og ruskevêr, og den som er mørkredd har dårlege kår. Men mørketida kan også gi mykje moro, mellom anna på Halloween.

Om kvelden 31. oktober er det fritt fram for barn og ungdom å kle seg ut som hekser, daudingar, Jack the Ripper, mannen med ljåen og det som eventuelt verre er, og gå frå dør til dør for å tigga snop.

Den gamle, norske julebukkskikken har dei seinare åra fått konkurranse frå denne liknande, amerikanske tradisjonen.

12-åringane Idunn Søyland og Aurora Røyset Vinje frå Gausel i Stavanger bruker å gå Halloween kvar haust. Dei to venninnene pleier å kle seg ut som hekser med svarte drakter, spisse hattar, parykk og sminke som får dei til å sjå gamle og hekseaktige ut.

Kjekk tradisjon

Så er det rundt til naboane for å ringa på og komma med den vanlege replikken: "Knask eller knep!".

- Det mest morosame med Halloween er å kle seg ut, men snopet er viktig det også, meiner Idunn.

- Ja, det blir ikkje nokon Halloween utan snop, forsikrar Aurora.

Som regel blir det eitt eller anna "knask" frå dei som får besøk av venninneparet, men må dei gå tomhendt, byr dei likevel ikkje på noko "knep."

- Me er ikkje slemme med nokon. Får me ikkje noko, går me bare vidare, fortel dei.

Av og til vankar det andre ting enn godteri frå dei dei ringer på hjå. Ein liten nedtur, naturleg nok:

- Det er litt kjipt å få appelsinar då, det er som å få sokkar til jul, meiner Aurora og smiler.

Ei lang historie

Halloween er ei nokså ny markering i Noreg, og kom her så seint som på 90-talet. Tradisjonen slik den er i dag kjem frå USA og den katolske kristendommen sin allehelgensdag, men den har eldgamle røter også frå ikkje-kristne feiringar ,som er nærare 2000 år gamle.

Den romerske festivalen for fruktbarheitsgudinna Pomona og dei irske keltarane sin fest for dødsguden Samhain er dei viktigaste.

Natta til 1. november trudde ein i si tid at dei daude kunne ferdes fritt. I store flokkar med nissar, alvar og anna skrømt streifa dei rundt i store flokkar. Det var best å halda seg inne, og ein sette ut mat som offer for å blidgjera dei daude.

Irlendarane heldt på tradisjonen også etter at kristendommen hadde tatt over for den keltiske trua, med ritual som liknar mykje på dei i dag. Fleire stadar var det vanleg at ungdom gjekk i flokkar med masker mellom gardane på Halloween. Dei åt matoffera som var sett ut til dei daude, og gjorde forskjellige rampestrekar mot folk på gardane.

I USA fikk feiringa den moderne forma på slutten av 1800-tallet, etter at mellom anna irlendarar hadde tatt med seg skikken då dei utvandra til Amerika. I 1930-åra blei den til ein tradisjon for dei yngste barna etter at husmødrer tok imot dei minste og inviterte dei inn i huset.

På spørsmålet "Trick or treat?" ("Rampestrek eller godbit?") fekk barna så godteri. Men symbola omkring døden - skjelett, mannen med ljåen og ymse skrømt - har halde seg heilt sidan feiringa av dødsguden Samhain for 2000 år sidan, og dominerer som utkledning den dag i dag.

Dei vaksne tar etter

Det gjekk ikkje lang tid før eldre barn og også ungdommar tok på seg maskene og blei med på tradisjonen. Og nå vil også vaksne vera med, på sin måte.

Rune Blix Hagen er historikar og har granska nøye Halloween-tradisjonane. Han meiner vaksne folk også vil bruka denne dagen og tida rundt til utkledingsfestar på vaksenvis.

- På same måte som i andre vestlege land byrjar så smått Halloween å bli ein karnevalsprega vaksenfest også i Noreg, trur han.

I USA er Halloween nå den nest mest populære dagen, etter nyttårsaftan, for vaksne som går på fest. Det har blitt tradisjon å markera den i den siste helga i oktober med å kle seg ut i Halloween-stil.

Nordmenn har også fått sans for tradisjonen, og i dag finst det mange nettstadar og butikkar som tilbyr utkledingar og utstyr spesielt meint for vaksne.

Men på laurdag vil det nok vera mest barn og ungdom som i ly av mørkret gjer nabolaget utrygt med skumle kostyme og ubønhøyrlege trugsmål: Knask eller knep!

Vil du vita meir om Halloween og få tips til feiringa? Klikk deg inn her:

http://www.uib.no/bergenmuseum/nyheter/2008/12/Halloween-og-Allehelgensnatt

http://www.nordiskamuseet.se/publication.asp?publicationid=3218

http://www.sidene.no/halloween/halloween_leserne/halloween_innsendte_leker.htm

http://hem.passagen.se/ujs/hallowhist.html