Magasinett

Utskrift

Jon Hjørnevik

Fødd: 1970

Har skrive: «I ein sofa frå Korea» (2001), «Den vanskelege andreboka» (2002), «Hjørneviks store norske leksikon» (2004), «Eit liv i offside» (2004), «Shortsen til far min» (2005), «Dikt i oppsamling»(2008), «Mor mi står i glaset - lyriske perler for svin» (2008), «Norsk Fotballhår» (2009 med Atle Nielsen), «Jon Hjørnevik samlar seg» (2010), «Flukta frå rekkehuset» (2011), «Heimekontor i gravferda» (2014)

Kva hjelpemiddel har du glede/nytte av som forfattar?
Det er sikkert litt keisamt, men eg har alltid med denne: (Dreg opp ei notisbok frå veska.) Penn og papir, fordi eg må skrive ned det eg kjem på. Arkivere. Ein må samle på idear, for om ein søv kan dei verte gløymt. Det vert litt som ei frimerkesamling. Når ein skriv dikt må ta vare på gullkorna, setningane, personane og augeblikka.

Brukar du musikk til arbeidet, og i så fall kva?
Nei. Men eg er glad i musikk og det hender eg høyrer på Nick Cave for å finne rytmen. Han har ei låt som heiter «Red right hand». Det er ei låt eg vender tilbake til.

Dine gode råd eller tips til forfattarspirer?
Å aldri vere flau for å skrive om seg sjølv, eller ta utgangspunkt i det rundt seg. Frode Grytten sa det, at han plutseleg forsto at han kunne skrive om kvardagen. Eg har mellom anna skrive om morgonhåret til mor og shortsen til far.

Heimeside: www.jonhjornevik.no