Magasinett

Utskrift

På ski over majestetiske Folgefonna

Skrive av Anna Kirsten Hellevang .

På ski over Folgefonna. Foto: Anna Kirsten Hellevang

Første helga i mai var ein unik sjanse for 21 turglade å gå på Folgefonna i regi av Kvinnherad Turlag. Vêret kunne ikkje bli betre, men på breen lurte andre utfordringar.


Folgefonna ligg majestetisk midt på ei halvøy, og innbyggjarane i Kvinnherad i Hordaland er næraste nabo til dette unike turområdet. Turleiarar var Sturla Helland frå Sunde og Bjørn Olav Tveit frå Uskedalen, som hadde med seg ei gruppe på 19 personar opp Bondhusdalen. Dei fleste deltakarane kom frå kommunen og var i alderen frå tenåra til pensjonsalder.

 

Varmt
Det vart ingen mjuk start opp dei 28 svingane på Gardshammarvegen. I sola vart det raskt varmt å gå med full oppakning. Stien var brei nok til å gå eit par personar i breidda, og det gjekk ikkje lenge før fleire i turfølgjet hadde rukke å bli litt betre kjende med kvarandre. Like før Gardshammar kom vi opp i snøen. Det vart godt med ein pause på stølen, med fantastisk utsikt ned til Sundal og ut Hardangerfjorden. Så gjekk turen vidare på ski. Målet for dagen var Fonnabu, som ligg heilt i kanten av Folgefonna.

Staven
Solbriller var heilt naudsynt, og med jamne mellomrom smøra vi oss med solkrem. I femtida var heile gjengen framme ved Fonnabu, og vi vart innkvarterte i den nyaste hytta. Ei gruppe frå Stavanger var i den andre hytta. Etter ein liten pause, var fleire klare for ein liten topptur til høgste punktet på Folgefonna. Etter ein bratt nedkøyring til sjølve breen, var det strake vegen svakt opp og fram mot toppunktet. Snøen var passe hard og det gjekk leikande lett framover.

Vel framme fekk underteikna ein liten strek i rekninga; eine trinsa hadde falle av. Det var så hardt i snøen at staven ikkje hadde gått gjennom snøen, og uhellet vart ikkje oppdaga før lenge etterpå. Men å gå med ein stav utan trinse heile neste dag på breen og under nedkøyringa ville ikkje vera noko å satsa på. Eg vart påminna førre fonnatur, nemleg Jostedalsbreen på langs, der eg braut eine staven og gjekk med ein heil og ein spjelka stav. Lite visste eg at dette var berre byrjinga på utfordringane denne dagen.

Skia
Trinsa fann eg ikkje att. Men bekymringslaust i solsteiken rennde gruppa attende til hytta. Fleire køyrde telemark ned til brekanten. Det var mjuk snø etter ein varm dag. Eg var berre om lag 100 meter unna botnen og tok nokre svingar. Så skjedde det; i ein venstresving braut skia gjennom snøen og bora seg fast. Eg datt framover på hovudet i snøen og landa sidelengs. Då eg kom på beina att, oppdaga eg at høgre skia hadde stygg bøy oppover ein halvmeter bak tuppen. Vantru konstanterte eg at skia hadde brote. Det gjekk greitt å renna ned siste delen av bakken, men heildagsturen neste dag var i uvisse.

Heldigvis viste det seg at det fanst ekstra utstyr på Fonnabu. Turleiar Sturla Helland fann fram ei ski som var noko lenger enn mine ski, men den hadde venstre binding og eg skulle hatt binding til høgre skisko. Sturla visste råd, og fekk snudd bindingen til å passa høgre skiskoen. Turen vidare måtte gå med ein rivabinding og ein tåbinding, samt ein trestav i tillegg til teleskopstaven som fungerte. 

Solnedgang
Vel inne i hytta att hadde gruppa laga til middag og det var tid til eitt nydeleg kjøtmåltid med ris. Det smakte fantastisk, og eventuell uro for utstyr neste dag vart skylt ned med eit glas raudvin. Ja, det var vel berre å nyta resten, for kva meir kunne vel skje?
Heile gruppa sette seg ut for å nyta solnedgangen og minner frå ein tur til Mt Blanc strøymde på. Visste alle som bur ved foten av breen kva fantastisk utsikt som er frå fonna? Solkledde fjell og dalar som spegla seg i solnedgangen er absolutt verd å få med seg. Roen senka seg.

Foten

Inne i hytta hadde ein gjeng funne fram kortstokken og spelte amerikanar, medan nokre stearinlys lyste opp hytta. Humøret var på topp. Så plutseleg skjedde det igjen, det uføresette: ein veldig smerte gjekk gjennom musklane på baksida av venstre lår og kne. Eg reiste meg brått for å strekkja på beina og braut ut:

– Eg har fått krampe, argh.

Turleiar Sturla Helland svara nokså kjapt, men roleg:
– Eg har ingen ny fot til deg.

Etter litt utstrekking, hadde smertene gitt seg, og neste dag var problemet heilt borte.

Vidder
Nokre morgonfuglar hadde laga ein stor porsjon havregrynsgraut, som gjekk ned på høgkant. Sola skein og det vart ein fryd å gå på fonna, kvitt i kvitt framover, til sides og etter kvart også bakover. Etter eit par timar rasta vi midt på breen. Vi sette opp skia og lente oss bakover på sekken, og nytte sola medan vi åt nista og skrelte appelsin.
Så suste vi ned breen i retning Muradalen. Der vart vi overraska av ei bratt nedstigning, og det ville visa seg om utstyret heldt. Nokre mista skia, men alle kom seg til slutt velberga ned. Vi gjekk på ei egg kalla Volarusta, med demningar og drikkevatn på begge sider. Så var det slutt på snøen. Vi gjekk langs Ringeriksfossen med skia på sekken og med stavane i handa, og med mange nye fine minne i tankane.

– Du må få med at det var ei kjekk gruppe – den beste som har vore, smilte Margretha Flatland frå Rosendal då ho sat på sekken i ein av dei siste pausane ned mot Muradalen.




Med på turen var:
Ingvald Johnsen, Halsnøy
Ole Horn, Halsnøy
Ingemund Kåre Moldskred, Halsnøy
Leif Hovden, Halsnøy
Silje Hovden, Stord/Danmark
Morten Hansen, Halsnøy
Martha Sofie Teigen Varanes, Utåker
Margretha Flatland, Rosendal
Jostein Eik, Rosendal
Christine Dekke, Rosendal
Balder Onarheim, Oslo
Helle Aasen, Oslo
Leonora Onarheim, Oslo
Oddvar Larsen, Valen
Ragnhild Næs, Dimmelsvik
Terje T. Enes, Ænes
Kjetil Fykse, Fitjar
Øyvind Fykse, Fitjar
Turleiarar var Sturla Helland, Sunde og Bjørn Olav Tveit, Uskedalen.