Magasinett

Utskrift

Radiohead med kjøparsett pris

Skrive av Nynorsk Pressekontor .

Radiohead. Foto: Flickr

Det britiske bandet Radiohead pløyer ny mark når dei no vil la kjøparane sjølv avgjere kor mykje dei vil betale for å laste ned det nye albumet til gruppa, «In Rainbows».

Radiohead håper at kjøparbestemt pris kan bli ein ny modell for elektronisk handel med musikk for ein bransje som strevar med å halde på inntektene.


På nettsida til Radiohead kunngjer gitaristen i Radiohead, Jonny Greenwood, at «In Rainbows» vil vere tilgjengeleg for nedlasting frå 10. oktober, for frå ingenting og oppover. Alle må likevel betale ein minstepris i form av eit administrasjonsgebyr på 45 pence, om lag 5 kroner.

Ein talsmann for Radiohead seier ifølgje avisa The Guardian at eitt av motiva bak den nye modellen er å få musikken ut til fansen raskare enn dei tre til seks månadene plateselskapa vanlegvis treng.

Dei mest ihuga Radiohead-tilhengjarane kan i tillegg til å laste ned musikken til yndlingsbandet gratis om dei vil, også tinge ein CD-versjon av albumet med bonusspor, digitale bilete og ei eiga bok. CD-boksen blir utgjeve i desember, og prisen på den er fast: 40 pund, eller rundt 430 kroner.

Medan internett har vore fødselshjelpar for nye artistar frå Arctic Monkeys til Enter Shikari, prøvar fleire etablerte artistar no å finne nye måtar å selje musikken sin på. Prince gav nyleg bort det siste albumet sitt som vedlegg til ei utgåve av avisa Mail on Sunday, medan gruppa Charlatans måndag sa dei ville gje bort den nye singelen sin via ein radiostasjon.

I platebransjen blir naturleg nok alle dei nye salspåfunna følgt med stor interesse, ikkje minst Radioheads open pris-forsøk. (©NPK)
3. oktober 2007 Bilde frå Flickr