På Europa sitt tak
Mange reisande har skrytt av Kaukasus som eit av dei flottaste fjellområda. Det kan underteikna skrive under på etter ein tur på Elbrus.
|
|
![]() Vegen opp er teknisk sett ikkje vanskeleg. Guiden vår Juri fortel at overskya vêr, snø og vind kan gjere turen dramatisk. Fleire hadde mista livet berre i 2006 på grunn av brått vêromslag, lite klede og ikkje bruk av lokal guide. Høgdesjuke kan også bli eit problem dersom ein ikkje er godt nok akklimatisert. Nokre i gruppa tok høgdesjuketablettar Diamox. Eg var blant dei som ikkje nytta tablettar, men satsa på naturleg akklimatisering dagane før toppturen. Det er framleis ikkje noko masseturisme til Elbrus. Dei russiske guidane fortel at berre eit par tusen menneske bestig toppen i løpet av eit år. Reiseleiar Marit Andreassen frå Høgfjellspesialisten seier det har blitt lettare å kome til fjelltoppen etter Sovjetunionen sitt fall. Grensene til Russland har opna seg. Men framleis er dette eit av landa ho syntest er krevjande å planleggje tur til. Dels fordi dei er nøye på visum i passet i god tid før avreise, og dels fordi ein må ha invitasjon frå eit selskap i Russland. Etter ein kort stopp i eit nokså trafikkfylt Moskva, var kontrasten stor over å kome til rolege Baksan-dalen med sine høge snødekte fjell. Vi hadde kome til Kaukasus og var velsigna med fint vêr, sol og sommar. Marit Andreassen fortel ho valde august fordi det er den mest stabile tida på året vêrmessig. Men kunne vêret berre fortsette å vere fint dag etter dag så høgt til fjells? Vi undra oss over dette, og det gjorde også den russiske guiden vår. ![]() Første dag tok vi gondolbane og vann raskt høgdemeter. Vi gjekk ein kort tur til Barrels, tønnehyttene som vi seinare skulle ligge i. Eg var spent på komforten. Seks personar var det plass til i kvar hytte, med utsikt rett mot fjellkjedene på andre sida av dalen. Senga var litt hard men elles grei. Toalettforholda var det verre med. Eit hol rett ned i avgrunnen og ei veldig lukt, slik som toaletta i Afrika. Vel nede i Baskan-dalen gledde vi oss over den fantastiske hotellstandarden med tre retters middag. Neste dag gjekk turen til Cheget og vi fekk ei fantastisk utsikt mot Elbrus. Sola steikte og vi måtte berre hugse på å ta på nok solkrem i ansiket og på nakne armar og leggar. Tredje dagen gjekk turen på ny med gondolbane, og så stolheis heilt til Barrels. Derifrå fekk vi testa kor dyktige vi var med plastsko og stegjarn. Nokon hadde med utstyr, og andre hadde leigd i dalen. Alt hadde gått fint. Men vel nede på hotellet, byrja eg å bli trøtt og svimmel. Hadde bruk for å kvile, men eg var også svolten. Eg tok nokre bitar av eit knekkebrød. Det trigga magen. Eg rakk doskåla før eg kasta opp. Ein knapp time seinare var eg akkurat i nok form til å gå til middag. Men etter forretten måtte eg berre gi tapt. Eg rakk så vidt doskåla igjen før eg kasta opp all maten. Tre dagar på tur, og så skjer dette berre tre dagar før toppdagen. Eg måtte leggje meg. Alt eg klarte å få i meg var litt vatn og ein sup med brus. Eg fekk sove litt, så neste morgon kjende eg meg betre. Eg hadde matlyst under frukosten og denne gongen ville ikkje maten i retur. Det var godt. Eg droppa tablettane. Dagen etter gjekk vi i sju timar tur/retur får 3800 til 4800m. Dagen før dagen fekk vi ei overraskande melding i leiren. Ein nordmann hadde forsvunne frå ei gruppe. To guidar hadde gått ut for å leite. Vi undra oss. Han hadde gått i same område som vår gruppe berre nokre timar før. Dette roa ikkje nervane til toppdagen. Alt såg så enkelt ut. Men ikkje langt borte frå løypa lurte sprekkene. Det var mest uråd å sove. Vêret hadde vore så fint så lenge, men ville det halde fram? ![]() Vi tok eit par pausar og kryssa oss oppover retning Aust-toppen. Så braut sola fram mellom skydekket i det fjerne. Vi kunne slokke lyktene og ta fram solbrillene. Vêret kunne ikkje blitt betre. Vi bora piggane i stegjerna ned i is med puddersnø på toppen, og trakka oss oppover. Så byrja det å skråe litt lett bortover mot Saddle, dalen mellom dei to fjelltoppane. Der skulle vi ha pause. Eg gjekk på og tenkte eg kunne drikke når eg kom fram. Men det gjekk seint å gå ein distanse så høgt til fjells. Vi var over 5000 meter. Eg kom fram, heiv meg ned og lente meg bakover og berre kvilte. Då skjøna eg at det hadde vore lurt å drikke litt jamt. Eg var utmatta. Hadde bruk for næring, men var ikkje spesielt svolten. Klarte etter kvart å få i meg drikke og litt å bite i. Etter 40 minuttars pause, måtte vi vidare. Vi stod framfor den brattaste delen av turen, opp ei skråing mot sjølve Vest toppen. Eg byrja å synest at tempoet var passe. Det var slett ikkje for seint. Eit steg, så eit steg til og eitt til… ![]() – Kom igjen. Du er sterk. Det er ikkje langt att no, sa han oppmuntrande. Eg vrei meg rundt og kom meg langsamt på beina. Med eitt vart det lettare å gå då eg kunne gå i fotspora hans. Dei andre i gruppa reiste seg og følgde på. Sola steikte, det var lett bris. Draumevêr å gå på Europa sitt høgaste fjell i. Snart såg vi toppen av Elbrus. Utsikta frå toppen var fantastisk med 360 grader panoramautsikt. Det kjennest som å stå på verda sitt tak då eg såg ut over Kaukasus si mektige fjellkjede, isbrear og grønkledde dalar. På toppen stod framleis fundamentet etter Leninbysta. Alle ivra etter tur å bli fotografert ved den. Eg tok fram det norske flagget av sekken og svinga det smilande over hovudet.
|
|
Alle foto: Anna Kirsten Hellevang September 2006. |