Magasinett

Utskrift

Populært å synge på dialekt

Skrive av Anna K. Hellevang .

Ravi har slått gjennom med å synge på dialekt. På Rosendal Musikkfestival skapte han stemning frå første note med hitten «Dødssøt».

 
Ravi i duett med Ola Manvik på låta «Tsjeriåu».

DJ Løv og bandet kom på scenen i moteriktig golfantrekk. Så snart Ravi kom på scenen var den unge fansen framme med mobiltelefonane og knipsa bilete av artisten. Konserten vart ein suksess frå første låt til etter det tredje ekstranummeret.

Ravi, eller Ivar Christian Johansen (30), visste korleis han skulle underhalde det unge publikummet, der gutar og jenter i 10-årsalderen og oppover hadde flokka seg ved scenekanten.

 

Arabaren
Ein arabar kom på scenen og jakta på Ravi. Ravi var litt redd, men fant fort ut at han var ikkje skummel i

 
Fansen hadde ikkje venta å kome på kloss hald på Ravi, men han seier at når det er godt med vakter er han ikkje redd for å menge seg med publikum.

det heile. Det viste seg å vere trommis Marius Rypdal.

Litt ut i konserten spurde Ravi publikum og dei ville ha ein CD av han. Han sa det kunne dei få. Så kasta han ut nokre CD-ar i lufta og ivrige gutar og jenter hoppa etter dei.

 

Publikumsvennleg
Ravi tok publikum på alvor og sette seg ned på scenekanten. Så hoppa han ned og gjekk blant gutane og jentene, som nesten ikkje trudde at artisten gjekk midt blant dei. På scenen igjen var det full gass, denne gongen med ein anna hit, «Tsjeriåu» av Ravi & DJ Løv me De Månråus. Hitten, bygd på The

 
Det er sjeldan Ravi tek publikum på scenen, men Håvard Omvik Furdal (10) frå Seimsfoss opplevde dette under Rosendal Musikkfestival.

Monroes «Cheerio», vart framført av Ravi i duett med Ola Manvik.

 

På scenen
Håvard Omvik Furdal (10) frå Seimsfoss fekk kome på scenen med Ravi.

– Eg stod heilt framme på scenen og plutseleg tok han tak i eine armen min og drog meg oppå scenen, fortalde Håvard etterpå. Det var så høg musikk at han høyrde ikkje kva Ravi sa. Ravi fortalde etter konserten at det er ein av få gonger dei har teke nokon med på scenen. Håvard vart den heldige; han hadde før på kvelden fått CD av Ravi, og no vart dagen ein suksess.

– Det var mange som syntes eg var kjempeheldig, seier Håvard etterpå.

 

Ein til!
Men etter ein times tid var det ugjenkalleleg slutt. Nei, ikkje heilt slutt. For dei ivrige publikummet ropa Ravi fram:

 
Ravi vert forfylgd av ein arabar på scenen, men han var  snill. Arabaren var spela av trommis Marius Rypdal.

«Ein til! eint til! ein til!»

Ravi var ikkje vanskeleg å be.

– Tusen takk. Vi har hatt det vanvittig moro her i Rosendal, sa Ravi. Han song «e-ore» til stor begeistring for dei oppmøtte. Ikkje nok med det, han slo til med to låtar til. På siste låta gjekk han ned frå scenen og vandra ein lang runde på golvet blant gutar og jenter og helsa på mange av dei. Han fekk mange blikk fulle av beundring tilbake.

Kjempegøy
Ravi har bevisst valt å synge på dialekt. 
– Dette treff folk, seier han.

– Det var kjempegøy, seier Ravi etter konserten. 
Og han var ikkje redd for å gå ned av scenen og helse på publikumet.
– Dei såg så snille ut, så eg tok sjansen, seier Ravi. Han visste også det var godt vakthald.

For dei som ikkje fekk nok av Ravi, sommaren 2006 kjem han ut med ny plate «Ravi kjøpr gitar».



FAKTA:
Ravi & DJ Løv

Ravi (Ivar Christian Johansen) vokal, DJ Løv (Anders Løvlie) DJ, Marius Rypdal (trommer), Ola Manvik og Kristin Folkvord Pedersen (kor).
Konsert Rosendal Samfunnshus laurdag 27. mai.
Publikum: 380

Ravi fekk Norsk Målungdom sin dialektpris i 2004.