Å lese seg gjennom sommaren
I sommar har fleire ungdommar i Aurland kommune fått ein heilt spesiell sommarjobb: Dei skal vere litteraturkritikarar. Men det er ikkje ein jobb berre for lesehestar.
For som det står i utlysingsteksten: Det viktigaste er at du vil vere med på ei reise inn i nynorsk samtidslitteratur.
Aurland kommune har såleis tatt konsekvensen av at ungdom ikkje så lett greier å skaffe seg jobb i ein pressa arbeidsmarknad. Kommunen ønskte dessutan å vidareføre kultursatsinga rundt kultur- og informasjonssenteret Kunnskapstunet. Dei har difor oppretta 12 stillingar med 2 vekers sommarjobb på folkebiblioteket i Aurland. Jobbane er for ungdom mellom 16 og 19 år.
Det ungdommen skal stelle med, er å lese og analysere litterære tekstar og publisere litteraturmeldingar på Aurland kommune sine heimesider og i andre media. Føremålet med arbeidet er at ungdommane skal kunne lære seg å vurdere og analysere litteratur og å kunne formidle si oppleving av litteraturen. Samstundes meiner kommunen at sjølve søknads- og tilsetjingsprosessen vil lære ungdommen korleis arbeidslivet fungerar.
Ungdommane vil få ein heilt vanleg arbeidsdag med 37,5-timars veke og løn etter tariff.
Kommunen har etablert eit Kunnskapstun der satsinga på bibliotek og litteratur står heilt sentralt. Kunnskapstunet er tufta på tre berebjelkar; skule- og folkebibliotek, IKT med Infohagen og Kunnskapstunet som ein sosial og kulturell møteplass.
- Med plassering av Kunnskapstunet på Aurland barne- og ungdomsskule har vi ungdomen i fokus. No går me meir konkret til verks når det gjeld nytenking og utnytting av moglegheitene samlinga har, fortel kommunalsjef Claus Røynesdal, som er prosjektansvarleg.
Juni 2005