Magasinett

Utskrift

Nye vegskilt må lærast

Skrive av Nynorsk Pressekontor .


Frå i dag, 1. juni, blir det teke i bruk 40 nye skilt og symbol som bilistane må kjenne til. Desse skal gjere det enklare og sikrare for trafikantane.

Dette er den første fulle revisjonen av skiltforskrifta sidan 1980. Med dei nye 40 skilta og symbola har Statens vegvesen no om lag 320 skilt og symbol til bruk i trafikken.

 
Skilta er gjort enklare slik at trafikantane lettare skal kunne lesa i høg fart.

(Foto: Statens Vegvesen, NPK)

– Vi innfører nokre nye skilt og har prøvd å gjere gamle skilt enklare og meir lesbare for trafikantane. Vi har gjort skilta enklare slik at trafikantane oppfattar skilta betre i høg fart, seier Geir Ove Nordgård i Statens vegvesen.
– Sjølv om det ikkje er store endringar som er gjort, er det viktig at folk lærer seg dette. Heile skilt– og symbolsamlinga vår ligg på Vegvesen.no, er oppmodinga hans.

Dei nye skilta og symbola har følgjande bodskap: Gågate, kø, forbod for tyngre køyretøy, sporvogn, forbikøyringsforbod for lastebil, sambruksfelt, sykkelfelt, parkeringsskive, gardsmat/bygdeturisme, samleskilt for vegtilvisingar, kryssnummer, bompengesymbol, og diverse skilt for aktivitetar og friluftsliv.

Sidan førre revisjon av skiltsamlinga i 1980 har trafikken auka med 85 prosent, og det har dukka opp nye behov.

– Vi har for eksempel fått AutoPASS sidan sist, som krev nye betalingssymbol. Vidare har trafikkveksten utløyst behov for køskilt og sambruksskilt. Nokre nye skilt gir betre tryggleik, som gul skilting ved vegarbeid. Skilt med kryssnummer gjer det lettare å finne fram, seier Nordgård. (NPK)