Magasinett

Utskrift

Forvirring og fakta om Bosnia-Herzegovina

Skrive av fakta/fiksjonsforfattar Egil Hyldmo .

Først vil eg takke Magasinett for melding av boka mi Vårt heimland: Bosnia-Herzegovina. Vi faktabokforfattarar er ikkje forvende i så måte, og særskildt vi som skriv på nynorsk! Dernest er det behov for noen saksopplysningar. Vigdis Stokker Jensen lurer på kva for bok dette er. Boka er verken ei lærebok eller ein reiseguide, sjøl om den kan tene som reiselitteratur. Den høyrer til sjangeren faktabøker for barn og unge, som er ei eiga sportsgrein innan litteraturen. Med eventyr, legender, heltekvad og barneregle i tillegg er boka om Bosnia-Hercegovina ei fakta/fiksjonsbok, slik andre av mine utgjevingar som Ulveboka, Bjørneboka, Gaupeboka og Jervboka og er.

  Føremålet med utgjevinga er sjølsagt å spreie kunnskap om det spennande landet. Med mange tusen bosniarar buande i Norge, er det ei skam at det ikkje er skrive ei bok for unge om deira heimland før. Meldaren meiner at eg burde ha halde meg til mine forteljarstemmer og overtalte til leksikon og reisehandbøker å bringe fakta. Dette ville ha vorte eit heilt anna bokprosjekt. Men eg skal gi Stokker Jensen rett i at mine informantar burde ha sleppt til tidlegare i boka. Dette blir tatt omsyn til i ei andreutgåve som no vert førebudd.

  Til slutt må eg imøtegå meldaren, som hevdar at eg likestiller serbarar, kroatar og bosnjakar når det gjeld etnisk rensing under krigen i 1992-95. Eg skriv om dette fleire stader. Det går klart fram at serbarane var mest aktive, mens kroatane var nest verst og muslimane i noen få tilfelle var med på galskapen. Stokker Jensen hevdar at verken FN eller verdssamfunnet har funne haldepunkt for dette. Dette er diverre ikkje rett. Fleire saker er avdekte, og noen muslimar er sikta og dømde av Krigsforbrytardomstolen i Haag (ICTY). Journalisten og muslimen Zeljko Vukovic omtalar og slike saker i boka si ”Mordet på Sarajevo”.