Magasinett

Utskrift

Overraskande om norskfaget i skulen

Skrive av Inger Robøle Kristiansen, NPK .

«Norskfaget i ei endringstid» er tema for eit doktorgradsarbeid ved Universitetet i Oslo. Det er Sylvi Johanne Penne som har teke for seg verknaden av norskfaget i grunnskulen for både å hente inn og utvikle ny kunnskap om verknaden av norskfaget i ei tid med store kulturelle endringsprosessar.

Penne har samla inn data på to skular i ulike bydelar i Oslo; ein klasse i ein skule i eit drabantbyområde med svært høge prisar på bustader, og to på ein skule i eit drabantbyområde, der over 60 prosent av elevane er minoritetsspråklege.

Doktoranden har observert norsktimar gjennom 9. og 10. skuleår, analysert muntlege og skriftlege elevtekstar og intervjua 52 elevar på slutten av det 10. skuleåret. 17 av elevane er minoritetsspråklege.

Overraskande resultat
Og resultata var overraskande. Dei tydelegast skilnadene gjekk ikkje første og fremst mellom norskspråklege og minoritetsspråklege elevar, men mellom elevane i dei to ulike bydelane. Dette er gjennomgåande både i intervjumaterialet og klasseromsobservasjonen. Og det får konsekvensar, ikkje berre i motiveringa for norskfaget, men for skule meir generelt, trass i engasjerte og erfarne norsklærarar som er lojale mot måla og tilrådingane i læreplanen.

Eit anna overraskande funn var at dei minoritetsspråklege elvane i drabantbyskulen er meir motiverte for dei ulike sjangrane i norskfaget enn dei norskspråklege. Og det er blant dei minoritetsspråklege ein finn elevar med konkrete planar om akademisk utdanning, viser avhandlinga. (NPK)