Magasinett

Utskrift

Menn i bur

Skrive av Toyni Tobekk .

Dyr i dyrehage, ja det er eit forståeleg omgrep. Men kva skal me kalle det når folk set seg i bur?

 

Urban Dreamcapsule«Urban drøymekapsel» kallar dei det sjølve, desse australske mennene som skal sitje på utstilling i Shanghai i juni.

 

I glashus
Urban Dream Capsule (UDC) er ei performancegruppe med fire menn som har gjort denne typen ting i London, Montreal, Hong Kong og andre stader i verda: I to veker skal dei leve
livet sitt i eit glasbur i eit kjøpesenter i verdas største hamneby, Shanghai i Kina. Storbyen har over 13 millionar innbyggjarar, så publikumspotensialet bør vere solid.

 

Populære bad
I løpet av dei to vekene i juni skal dei fire mennene ete, sove, pusse tenner og pille seg i nasen i Urban Dreamcapsulefull openheit for publikum. Med andre ord gjere alt det me andre gjer i løpet av ein dag, men som me slepp å ha vitnar til.


- Folk pleier å like det når dei dusjar, så dei må dusje minst eitt par gonger i døgeret, fortel organisator Karen Chang til Shanghai Daily.

 

Little Brother
Lyset blir aldri slått av og vindauga i buret vert aldri dekt til. Litt som Big Brother, berre gjort med stil - eller som dei seier på heimesida si: Dette er ein non-stop interaktiv stumfilm laga av sympatiske anarkistar. Eller «Little Brother», om du vil.

 

Lærer kinesisk
Noko av målet med denne performancen skal vere å kome i kontakt med publikum, så UDC er no i full gang med å lære seg kinesisk.


For å kommunisere med dei, kan publikum sende epost eller fax eller halde skriftlege beskjedar opp mot vindauga.

Urban DreamcapsuleI Montreal opplevde dei mellom anna å bli helsa velkommen skrive med kritt på asfalten utanføre vindauget.

 

Jubileum i Kina
Karane i ensemblet har faktisk tiårsjubileum i år, så det er slett ikkje noko nytt konsept dei driv på med.


Noko liknande har me forsåvidt sett her heime, den gongen Kristopher Schau sat på utstilling i Oslo ei veke.


Forfall i Oslo
Schau sin agenda var å sjå kor mykje han greidde å forfalle på ei veke, medan Urban Dream Capsule nok har ein noko meir optimistisk og livsbejaande profil.


Urban Dream Capsule er altså å finne i Shanghai frå 7. til 23. juni, men er du ikkje i nærleiken då, kan du kanskje heller kike litt på den lekre heimesida deira. Og eventuelt tenkje på kor herleg det er med privatliv neste gong du tek deg sjølv i å klø deg bak eller pille deg i nasen.

 

Alle bileta er frå urbandreamcapsule.com

Mai 2006