Magasinett

Utskrift

Verdas Miljødag i Noreg

Skrive av Magasinett .

Noreg har fått i oppdrag av FN å markere Verdas Miljødag den 5. juni 2007. Tema for dagen er miljøpåverknad i polarstrøka. Markeringa er lagt til Tromsø.

(NPK): Tromsø er valt som vertsby fordi byen har eit polarvitskapleg miljø i internasjonal toppklasse, med verdas nordlegaste universitet og Norsk Polarinstitutt som tunge aktørar. Tromsø har dessutan ei polarhistorie å vise til, både i fortid og notid.

– Eg er glad for at vi har fått Verdas Miljødag til Noreg. Dette vil sikre at vi får merksemd på dei alvorlege miljøtruslane som Arktisk og Antarktis vert utsette for. I første rekkje dreiar det seg om klimaendringane i Arktis, som igjen har effekt på det globale klimaet. Miljøgifter i Arktis er også eit svært alvorleg tema som no kan få større merksemd, seier miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Verdas Miljødag er blitt arrangert kvart år sidan 1972. Opp gjennom åra har tema vore til dømes sur nedbør, hav, vatn og grøne byar. I år har FN lagt hovudarrangementet til Alger i Algerie, med ørken og ørkenspreiing som tema.

Føremålet med Verdas Miljødag er å stimulere til engasjement for miljøproblem og spore til politisk handling. (NPK)
Mai 2006