Magasinett

Utskrift

Bli ein betre nynorsking

Skrive av Ragnhild Margretha Taranger .


Kor nynorsk er du? Kan du bli betre? Eg skal vise deg vegen til eit betre liv - på nynorsk.

«Alle har sitt, stort eller litt, himlen alene for sorgen er kvitt», heiter det i ein salme. Viss problemet ditt er at nynorsken din er litt rusten, finst det heldigvis råd for uråd.
Og viss det du treng er nokre effektar som synleggjer deg som nynorskbrukar, så finst det råd for det og.

Skrivehjelp
Språkrådet er på pletten, og tilbyr hjelp til sjølvhjelp for den som har gløymt eit par ting om bøying, skrivemåte og ordbruk.

Det er ikkje alltid så lett å vite kva kjønn eit substantiv har, eller korleis eit verb blir bøygd. Her kan du søkje både i Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Sjå på dei grammatiske kodane, der er det tips å få med seg.

Språkrådet har også eit interaktivt kurs i nynorsk. Kurset er mest berekna på elevar i vidaregåande skule som har bokmål som hovudmål, men kanskje du kan lære noko du også.

Lese og skrive
Wikipedia finst også på nynorsk. Her kan du lese - og skrive - artiklar om alt mogleg, på nynorsk.

Spel
Hos han Ivar Aasen sjøl, på Aasentunet i Hovdebygda, finn du mykje kjekt nynorskstoff, blant anna spel og leikar, og ein quiz om nynorskforfattarar.

Nyhende
Nynorsk.no er ei nyhendeteneste med oppdatert informasjon om kva som skjer i nynorskverda.
Dag og Tid er ei kulturavis på nynorsk, som handlar om heile verda og ikkje berre den såkalla nynorske.

Målstoff og dippeduttar
På nettstaden til Noregs Mållag finn du nynorsknyhende og nynorskhistorie. I tillegg kan du også kjøpe nynorskeffektar, som til dømes ein utruleg kjekk refleks med påskrifta «Nynorsk er tøft!» Eller kva med isskrapa med påskrifta: «Gje bokmålet ei skrape!»
Jakkemerket med slagordet «Slepp nynorsken til!» er heilt gratis, og gjer deg til ein langt betre nynorsking på ein-to-tre.