Magasinett

Utskrift

Med fly som hobby

Skrive av Marianne Magnussen .

-Alle burde velje yrke etter interesse, og ikkje etter løn, meiner Marcus Krogtoft. Den unge flymekanikaren gler seg til å gå på jobb, og nyttar store delar av fritida til å reparere modellfly –og jobbe overtid.

Ei lang arbeidsveke er over, og det er endeleg tid for å kople av ifrå jobben. I ei enkel stove i Tromsø sit flymekanikaren Marcus Krogtoft (23) og koplar - men ikkje av. Det store modellflyet hans er nemleg i ferd med å få ein ny propell festa på seg denne fredagskvelden, om alt går etter planen.

  Marcus monterer ein ny propell på modellflyet sitt. -Kvifor valde du flymekanikaryrket?
-Eg vaks opp i flybyen Bodø, med fleire vener som valde liknande yrke. Men fyrst og fremst har eg sjølv alltid vore fascinert av fly.
Etter tre og eit halvt år som lærling og deretter fagarbeidar i Stavanger, fekk nordlendingen jobb i Lufttransport si avdeling i Tromsø. Her har han tilbrakt det siste året.

Flysjargong
- Korleis er det å vite at ein einaste teknisk feil frå di side kan føre til at folk misser livet?
- Eg tenker ikkje så mykje på det. Fyrst og fremst konsentrerer eg meg om å utføre krava for ettersyn og rette opp i snag.

- Kva er snag?
- Flyindustrien er ein internasjonal bransje, og difor er alle faguttrykka på engelsk. ”Snag” er det engelske ordet for at noko på flyet ikkje er som det skal. Me har altså fornorska det, og brukar det endåtil som verb: ”å snagge ut”.

- Folk i flybransjen har altså sin eigen sjargong?
- Absolutt! Dette er heilt naudsynt for å kunne kommunisere på jobb. Diverre er skulebøkene i Noreg ofte på norsk, slik at lærlingane må lære ein haug med uttrykk på nytt når dei tek til i praksis, seier han oppgitt.
- I tillegg er førti prosent av inneholdet i bøkene på flyfaglina på nynorsk, eit nasjonalt vedtak av di elevmengda er så låg. På vidaregåande vart me dermed avhengige av nynorskordbok, og lesinga gjekk mykje seinare.

Å fly sjølv gjev Marcus ei kjensle av fridom. (Eige foto.)

- Kva meir enn sjargongen særmerkar ein flymekanikar?
- Ein typisk mekanikar i flybransjen er ein påliteleg person med utmerka interesse for fly. Sju av oss som jobbar i avdelinga for vedlikehald i Tromsø har til dømes investert i modellfly, og møtest ofte på kveldstid for å teste dei. Førebels havarerer me meir enn me flyg, og må stadig reparere, gliser Marcus, og tilføyer:
- Flymekanikk er ikkje ein jobb, men ein livsstil.

 

Lobby for hobby
- Korleis nyttar du fritida?
- Eg reparerer havarerte modellfly, held på med data og jobbar ein del overtid. Og så er eg medlem  i Tromsø Flyklubb. Der kan eg leie småfly når eg vil, så lenge det ikkje er for mykje vind eller snø. Å fly sjølv gjev ei særleg kjensle av fridom!, fortel han ivrig.
Marcus tok ut sertifikat for småfly for to år sidan, og held for tida på  å ta flyteknikarsertifikat.

- Kva tenker du om yrkesskule kontra universitetsutdanning?
- Studentar har stor inkompetanse når det gjeld mekanikk og verktøy! Og lærer mykje unyttig… 
Tjuetreåringen nyttar mykje av det sosiale livet sitt utanom jobb til å spreie kunnskap om flymekanikarverda: Dei mange spørjande fjesa som oppstår grunna sjargongen hans, gjev gode moglegheiter for faglege utgreiingar. Og når bodøværingen sjølv er på flytur, inviterer han gjerne med seg studentar, og let dei prøvestyre i tillegg.

- Er det ikkje risikabelt?
- Det er ikkje farleg å fly, men å krasje!, seier Marcus bestemt.

Han røper at han faktisk har opplevd kollisjon, men på ein litt annan måte: Ein gong var han uoppmerksam og slo hovudet mot propelltuppen til eit fly som stod i ro inne i hangaren. Noko flyskrekk har nordlendingen likevel ikkje fått, det er berre modellflya han havarerer med. Dei får til gjengjeld gjennomgå.

Marcus har teke ein pause frå propellfestinga, og hentar dei to modellhelikoptera sine frå soverommet. Då han tek ein rask inspeksjon ,oppdagar han noko mistenkeleg under det minste fartøyet:
- Oi! Snag! Ei skrue som eg må tighte!

- Kvifor er det så kjekt å reparere fly?
- Det er stadig nye utfordringar, så det blir aldri keisamt. Ein lærer mykje interessant om mekanikk. Dessutan er det meiningsfullt, av di det handlar om tryggleik for andre menneske.
Marcus trur at mange studentar heller burde satse på yrkesfag enn årevis med lesing og usikker framtid.
- Det er lurt å satse på ei utdanning der det er lett å få jobb. Men det er også viktig å velje yrke etter interesse, og ikkje etter løn, meiner Marcus Krogtoft.


Arkiv Mars 2006.