Magasinett

Utskrift

Rivertonprisen til Frode Grytten

Skrive av Nynorsk pressekontor .

Forfattaren Frode Grytten er tildelt den prestisjetunge prisen for kriminallitteratur, Rivertonprisen. Grytten får prisen for romanen «Flytande bjørn», som er den første krimboka hans.
Prisvinnaren har tidlegare skrive ei diktsamling, fire novellesamlingar og suksessen «Bikubesong».
– Men eg står i gjeld til krimtradisjonen, for det var krimbøker som gjorde at eg tok til å lesa, seier Grytten. (NPK)