Magasinett

Utskrift

Europeisk ungdom valte Erlend Loe

Skrive av Magasinett .


Forfattar Erlend Loe har fått den europeiske prisen «Prix Européen des Jeunes Lecteurs» for boka «Naiv. Super». Prisen vart delt ut i Europaparlamentet i Strasbourg tysdag.

Det er 1.000 ungdommar frå 13 ulike land som står bak nominasjonen. Ungdommane er skuleelevar ved vidaregåande skular på alderstrinnet 15-18 år. Dei har hatt europeiske romanar som del av pensum i litteratur på skulen. Ein jury med representantar frå alle klassane valte ut vinnaren.

Dei andre nominerte forfattarane var Szusza Bank, Rafael Chirbes, Michael Frayn, Ismail Kadare og Jean-Philippe Toussaint.

”Europeisk pris for unge lesarar» er delt ut to gonger før. Tidlegare vinnarar er Jonathan Coe og Fred Vargas. (NPK) Foto: Cappelen