Magasinett

Utskrift

Sivilarbeidarar – eit utryddingstrua slag?

Skrive av Ida Ljønes .

Med jamne mellomrom er det debatt kring ordninga med fyrstegongsteneste i Forsvaret. Mellom anna blir det sett spørsmålsteikn ved om verneplikta, slik ho fungerer i dag, bør avskaffast.

År for år minkar Forsvaret sitt behov for folk til oppgåvene som skal gjerast, og i 2008 vil det berre vere ein av ti mannlege nittenåringar som gjennomfører ei full fyrstegongsteneste. Dette vil ikkje berre gå utover tenåringsgutar med draumar om å køyre tanks. Ei kutting i innkallingar til fyrstegongstenesta rammar også dei som slett ikkje vil inn i militæret, nemleg dei noko gløymde sivilarbeidarane, og eit samfunn som nyt godt av desse.


I ein liten bustad i Oslo bur kameratane Peter Ø. Øygard (20) og Johannes Knapstad (21). Peter trivst i stillinga si som sivilarbeidar i ein barnehage, medan Johannes aldri har fått innkalling til militærteneste grunna reduksjonar i Forsvaret. Dermed får han heller ikkje ta den sivilarbeidarstillinga som venta han i ein barne- og ungdomsorganisasjon. I Noreg er det kvart år mange unge som vel bort militæret og går inn i ei sivilteneste. Sivilarbeidaren Peter fortel at det er ulike grunnar til at ein ikkje vil inn i militæret, både gyldige og mindre gyldige; frå ”latskap” til religiøse overtydingar. Sjølv valde han å bli sivilarbeidar fordi han er pasifist. Han vil ikkje lære å drepe, og å skyte med våpen. Men det var likevel ikkje berre ei lett avgjerd å ta.

- Militæret er så godt tilrettelagt, sæleg med tanke på utdanning innanfor spesielle felt, som til dømes leiarskap, meiner han.

Johannes seier at han ønskte seg inn i ei sivilteneste fordi han er skeptisk til ei militærteneste i eit land som er aktive i krigshandlingar utanfor sitt eige land. Han legg leande til at om han verkeleg skulle hamne i ein forsvarssituasjon i Noreg så hadde han sikkert klart å avfyre eit våpen uansett. Han meiner han ville gjort mykje større nytte for seg i ei sivilarbeidarstilling, fordi han er motivert og har lyst. Og at dette ville gagna samfunnet meir enn om han noko umotivert blei plassert i ei militærleir ein tilfeldig stad i landet. Men dei avviser begge at militærnektarar flest melder seg til sivilteneste fordi dei vil sleppe lettvint unna.

- Siviltenesta er jo i utgangspunktet ei straff, ein må betale for å sleppe unna militæret, seier dei, og Johannesutdjupar: 
- Mellom anna varer tenestetida lengre. Og sjølv om oppgåvene til sivilarbeidarane er forskjellige, så sett dei fleste oppdragsgivarane krav til eit engasjement frå sivilarbeidaren. Tenesta er ikkje ein snarveg, då er det lettare å gå inn for å ikkje bli innkalla i militæret.
Dei to trur den jamne sivilarbeidaren har gode grunnar for å velje som han gjer

Tross til dels mykje arbeid og engasjement for relativt lite lønn, så ser Peter og Johannes at det også i sivilarbeidarsystemet fins godar. Ein får eksempelvis gode vernepliktsrabattar på kollektivtrafikk, og moglegheit til å  søkje om utdanningsstøtte. Arbeidsgivar skal syte for bustad for deg om du ikkje har ein frå før, og han skal betale boutgifter for deg. Ein kan også nytte seg av mange velferdstilbod, mellom anna moglegheit for å vere med på ein av velferdsturane som arrangerast kvart år. I år kan ein blant anna velje å dra på alpin-weekend i Oppdal, eller dra på festivalar som Quartfestivalen eller Skjærgårds music and mission festival i Kragerø.

Gutane undrar seg over at ikkje fleire vel siviltenesta, og trur det er mange som ikkje heilt veit kva det å vere sivilarbeidar går ut på. Peter deltok nyleg på ei utdanningsmesse, og der møtte han mange fordommar mot tenesta. 

- Mange synest å tru at ein som sivilarbeidar blir plassert i ein kjip jobb. Det stemmer ikkje. Ein får sjølv velje kor ein vil jobbe, berre det er hos ein godkjent oppdragsgivar.

Godkjende oppdragsgivarar finn ein innanfor fredssektor, helse- og sosialsektor, samt natur- og miljøsektor. Med eit så vidt spekter av potensielle oppdrag skulle ein tru det fanst noko for ein kvar smak, og Peter kan fortelje at sivilarbeidaradministrasjonen jobbar med å gjere siviltenesta meir attraktiv. Han har gjort seg positive erfaringar som sivilarbeidar i ein barnehage, og føler seg sett pris på.

- Ein sivilarbeidar er ein stor og billig ressurs for oppdragsgivarane. Eg trur vi gjer ein god innsats. Sjølv om ein ikkje skal overta nokon jobb frå ein fast tilsett, så blir det fort nok å gjere ved ein institusjon som ein barnehage.

Johannes har mista trua på å bli innkalla til siviltenesta. Færre blir kalla inn, og han trur også administrasjonen prioriterer å kalle inn dei som akkurat er ferdige med vidaregåande skule. Då ser det mørkt ut for ei framtid som sivilarbeidar for Johannes, og han synest det er synd. Synd for sin eigen del, men også synd for organisasjonen han hadde eit oppdrag hos. Og han trur at om utviklinga går som det kan sjå ut til no, så vil mange delar av samfunnet få merke det.

- Det er mange siviltenestestillingar i organisasjonsliv og kulturliv rundt omkring, og ikkje minst i miljøarbeid og særleg arbeid mot vald i skular. Tap av sivilarbeidarar vil for mange av desse merkast godt.

Gutane trur samfunnsteneste kan gjerast til eit likeverdig alternativ til militæret, men til tross for at det kan sjå dystert ut for siviltenesta sitt omfang i framtida, så vil dei ikkje seie at sivilarbeidarsystemet skal bli gjort uavhengig av militæret.

- Nei, siviltenesta er jo eit alternativ til militæret, så om den vart gjort heilt uavhengig fyrstegongstenesta ville mykje av poenget vore borte.

(Kjelder: ”Vernepliktdebatt etterlyses”, artikkel i Aftenposten 05.03.06 , www.sivilarbeider.no, www.siviltjenesten.no )