Magasinett

Utskrift

Etterlyser heltar i europeisk film

Skrive av Marianne Magnussen .

Tromsøværingen Frank er ein filmentusiast av dei sjeldne. Rommet hans er gjort om til kinosal, og tjuesjuåringen har stadig gratis framsyningar for både kjente og ukjente vener.

 

 

Likevel, når den internasjonale filmfestivalen vert halden i sjølvaste Tromsø, er Frank ikkje å sjå blant stolslitarane. – Berre kvardagslege traumar, klagar han, og skjønar ikkje kvar alle heltane har teke vegen i moderne europeisk film.

Det er laurdagskveld i Tromsø. Trass minusgrader er det folksamt i dei isglatte gatene, særleg sklidande mot den nye kinoen i byen. Frank Nilsen (27) og bamsen Blåmann (23) har derimot ingen planar om å risikere beinbrot i kveld for å få litt helgeunderhaldning. Dei har gjort sitt eige rom i kollektivet Bjørklund om til ein kinosal, og om eit par timar er det tid for nok ei gratis framsyning for alle som er interesserte.

Heimekino har mange fordelar for ein filmelskar.

-Kvifor har du innretta rommet ditt slik i staden for å gå på kino?
Frank sit i den store sofaen som så ofte vert nytta av filmgjester, og ser omkring på alt utstyret sitt. Han har kjøpt seg både storskjerm, fem høgtalarar, god sitjeplass, og om lag 150 filmar.
-Det hender eg går på kino, men det er mange fordelar med å ha sin eigen: Eg kan sjå kva eg vil når eg vil og kor mange gongar eg vil.

-Vert ikkje filmopplevinga ringare med så mange gjestar?
-Nei, tvert imot. Det er svært hyggeleg å sjå film med folk på vitjing!
Den sosiale tromsøværingen kan fortelje at det på det meste har vore rundt tjue personar på ein gong. Då var bordet erstatta med tre rader med stolar.
-Eg er ikkje redd for at det skal bli for trongt for meg. Eg kan jo berre legge meg i senga om det ikkje er sitjeplass, smilar han.
Senga står rett under skjermen, og Blåmann ligg gjerne der under framsyningane. Men han har ikkje noko imot å dele plassen med andre.

Obligatorisk helt
-Korleis definerer du ein god film?
Frank hever ivrig stemma:
-Ei spanande historie med god framdrift, slik mange filmar frå seksti- og syttitalet er. Handlinga må ha eit poeng, ikkje berre ta føre seg kvardagslege problem. Og det må vere med ein helt.

-Kva er ein helt i dine auge?
-Ein som kjem og ordnar opp når problema står i kø, ein med gode evner og høg moral…Ein eg kan sjå på med vørdnad!
Han ser drøymande ut i lufta.
-Indiana Jones er eit godt døme. Han er dyktig, kreativ, barsk og heller ikkje blant dei verste moralsk sett. I actionfilmar bør det vere ein statisk helt, i drama ein som utviklar seg gjennom filmen.

Tjuesjuåringen understrekar at ein god film ikkje treng vere frå Hollywood, og at det finst mange dårlege amerikanske filmar.
-Spesialeffektar og kjende skodespelarar har ingenting å seie. Det viktige er derimot kjensla ein sit igjen med etter filmen.

-Kva kjensle gjev så ein god film?
Kinosjefen demonstrerer ved å knytte nevane og juble: ”Me klara det!”
Han meiner at ein slik sigersrus kjem når ein har følgt ein helt gjennom ei spanande handling som til slutt endar godt. Denne gode kjensla er særskild viktig når ein skal legge seg rett etter filmen.  

Europeiske traumer – vond sirkel
-Kor mange filmar såg du under Tromsø Internasjonale Filmfestival i januar?
-Ikkje ein einaste, seier Frank, og byrjar å bla i det tjukke reklameheftet for festivalen som har lege på bordet hans.
-Det meste er berre traumatiske filmar frå europeisk kvardagsliv. Eg vil ikkje gå på festival for å bli deprimert. Når eg ser film, vil eg flykte frå dagleglivet, ikkje sjå keisame kvardagsscener.
Han legg til at sørgjelege filmar kan vere bra som folkeopplysning i form av dokumentar, men at dei ikkje høyrer med i underhaldningssjangeren.

-Kvifor er det så få heltar i dei moderne filmane frå Europa?
Frank har lagt bort reklameheftet og sit med armane i kors og eit bestemt uttrykk i andletet.
-Folk liker ikkje Amerika politisk sett, og tek difor også avstand frå dei mange heltefilmane som vert laga der.
-Dessutan kjenner dei seg sjølv ikkje igjen i helten, legg han til med eit lurt smil, men går snart

over i ein alvorleg tone:
-Mange europearar har dårleg sjølvkjensle og trur ikkje at dei kan lukkast. Slike folk vil heller ikkje sjå heltefilmar, som dei reknar for å vere urealistiske.
Frank trur at ein kjem inn i ein god sirkel om ein vert fortruleg med helten; at det kan hjelpe ein til å finne potensialet i seg sjølv. Han meiner amerikansk sjølvtillit er sunt, og at slik optimisme ikkje bør assosierast med amerikansk politikk.

No nærmar det seg kveldens filmframsyning, og kinogjestane er ikkje langt unna. Storskjermen over senga må dragast ned, og bordet ryddast.  Kor mange som kjem, og kva film dei skal sjå, er ikkje enno ikkje heilt fastlagt, Frank Nilsen har tenkt å la dei som møter få eit ord med i laget. Vert det ekstra mange, er det reservert plass til verten i senga attmed Blåmann. Gjestane skal få dei beste plassane. For tjuesjuåringen som tilbyr gratis kinounderhaldning på hybelen sin i Tromsø er ein ekte helt.

 


Arkiv Mars 2006.