Magasinett

Utskrift

Side Brok: - Vi er betre

Skrive av Toyni Tobekk .

- Drit i anmeldarar som gir plata vår dårlege terningkast, seier Side Brok. «Kar Me Kjøme Frå» er nett slept i butikkane og får skryt og slakt om ein annan.

- Eg kan anbefale plata på det sterkaste, seier Bård Åsen Lødemel, alias Skatebård.
- Denne er minst like bra som den førre plata vår, og den var nå ganske bra.

Betre enn nokon gong

Etter debuten med «Høge Brelle» i 2004 vart Side Brok bejubla og belønna i musikkpressa og i nynorskmiljøet. Dei fekk NRK P3 sin Urørt-pris og vart kåra til årets nynorskbrukarar av Nynorsk Kultursentrum. Nominerte til Spelemannsprisen vart dei og. Legg ikkje slike ting lista ufyseleg høgt?

- Vi er like usikre på om plata slår an denne gongen som vi var ved første utgjevnad. Vi har i berre laga den musikken vi sjølve vil høyre, og viss andre likar det, så er det kjempefint, seier vokalist Runar Gudnason, alias Sjef R., om plata «Kar Me Kjøme Frå».
- Denne utgjevnaden er nå den vi er mest fornøgde med. Kanskje fordi den er den yngste, men mest fordi den er blitt meir samanhengande, meir eit heilt album enn den førre plata. Slikt skjer over tid.

Interne?
Dei syng på dialekt, desse mennene, og tekstane handlar mykje om livet i og rundt bygda. Er dette musikk for spesielt interesserte, eller?
- Då vi gav ut det første albumet var det litt slik at «dette er musikk for dei som likar hip hop og som kjem frå Ørsta" og det begrensa seg til oss sjølve. Så valde vi likevel å satse på dette og det gjekk jo over all forventning, fortel Sjef R.
Han meiner dei har blitt meir universelle på den siste utgjevnaden. - Det lokale er også universalt. Bygda er ikkje berre ei geografisk betegning.

Ikkje meir video
- Videoen dykkar, «Din Likkje Drit» er spelt inni Ørsta. Fortel.
- Vi ringte nå rundt til vener og familie og deira vener att og fekk med ein gjeng til å lage denne videoen. Motivasjonen bak låta var å lage ei gamaldags hip hop-låt med ingrediensar frå åttitalet både musikalsk og i sjølve utføringa.

«Din Likkje Drit» vart først vald ikkje send på NRK sitt videoprogram «Svisj».
- Men nå ligg han mellom dei tre øvste på «Svisj Hip Hop». Det likar vi, meiner Sjef R.
- Blir det fleire videoar frå dykk med det første?
- Nei, det tvilar vi på. Denne plata her er eit meire heilt produkt, den har ikkje nokre slike typiske radiosinglar.

Musikk frå cella
Side Brok speler altså hip hop. Eller er det jazz? Rap? Noko er i alle fall annleis med musikken deira, og sjølve kallar dei det brokar frå alle slags sjangrar.
- Ulik musikkbakgrunn og brei musikksmak, forklarar Sjef R. - Til saman har vi spelt i tusenvis av band og har nesten like mange års erfaring.
Ein kjapp mimretur tek oss tilbake til kjellaren til mora til Oddgeir, kor dei hadde ein plass som dei kalla «Cella».
- Det var grå lecablokker, ein gamal sofa og store høgtalarar, hugsar Bård. - Minna om ei glattcelle på eit vis. Mykje ny musikk såg lyset i «Cella» i Ørsta.

Sidan har dei flytta vekk frå Ørsta og har nå spreidd seg til Bergen, Oslo og København. Korleis greier dei å halde eit musikkforhold gåande over slik avstandar?
- Over MSN, slår Sjef R. fast. - Nei då, men det skjer rett nok på data. Vi lagar musikk og utvekslar filer, og så treffast vi ofte.

Dokumentar

I tida framover skal dei ha konsertar rundt om i landet. Viss plata sel bra, og det håpar dei, så blir det gjerne mykje festivalar til sommaren?
- Vi speler gjerne på festival, så berre sei frå!
Ryktene går elles om at eit selskap kalla Aldeles as har søkt om midlar til å lage dokumentar om Side Brok.
- Ja, det stemmer, kan Bård bekrefte. - Turid Rogne har følgd oss ned kamera både her og der i eitt par år, ho. Vi håpar det blir ein kinofilm av det, om eit års tid. I alle fall blir det garantert ein dvd med mykje bra bonusmateriale. Vil du vite kva det er?
- Det vil eg.
- Det blir vel ein 20 minutt med meg og han Runar som speler bordtennis, det.

Dette høyrest svært fristande ut, sjølv for ein skarve skrivar som verken er nynorsk eller frå Ørsta: Side Brok på cd, sidan på dvd, og heilt sikkert snart på ein kanal nær meg. Til helsike med ternigkasta.

Side Brok på nettet.

Arkiv Februar 2006.