Magasinett

Utskrift

Vil styrke nynorsken si rolle i skulen

Skrive av Toyni Tobekk .

Start med nynorsk tidlegare og ha meir undervising på sidemålet, det er bodskapen frå 100-årsjubilanten Noregs Mållag.


Til nettstaden Utdanning seier mållagsleiar Nils Ulvund at elevane bør få fleire lærebøker enn berre norskbøkene på nynorsk og at meir undervisning bør gå føre seg på nynorsk.

Mållaget presiserer at det ikkje nødvendigvis er snakk om å bruke nynorsk meir i skriftleg arbeid, men heller å få auka tekstmangfald. Ønsket er at sidemålet skal innførast allereie på barnetrinnet, og Utdanningsdirektoratet har tidlegare nemnt fjerde-femteklasse som eit aktuelt alderstrinn. Ulvund peiker på at det er offentleg vilje til å stø opp om det språklege mangfaldet som må til for å styrke nynorsken si stilling.

Ved Holmlia skule i Oslo, ein typisk bokmålsskule,  har ein allereie gjort forsøk med å la 8. klassingane få bøker til krl-faget på nynorsk. Elevane seier til Utdanning at dei var svært skeptiske i starten, men at skepsisen har forsvunne etter kvart. Elevane på Holmlia svarar dessutan på prøver og oppgåver i krl på nynorsk.

Kjelde: www.utdanning.no