Magasinett

Utskrift

Får kritikk for Oslo-sentrering

Skrive av Anders Malm, NPK .

Barneombodet har starta ei ungdomsgruppe som skal vere med å fortelje litt om korleis det er å vere ung i Noreg. Alle i gruppa er frå Oslo og omegn.

Leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Kristoffer Grønstad. (Foto: LNU, NPK)

Kristoffer Grønstad i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) reagerer på at alle 12 rådsmedlemene er henta frå Oslo.

- Ikkje noko vondt om desse ungdommane, dei er heilt sikkert flotte representantar for barn og unge. Men dei kan vanskeleg vite noko om korleis det er å vere ungdom i Finnmark til dømes. Og det er og Barneombodets ansvar, seier Grønstad til Nynorsk Pressekontor.

Geografisk spreiing
Grønstad i LNU synst også det er leit at ingen barne- eller ungdomsorganisasjonar er tatt med på råd ved opprettinga av ungdomsrådet.

- Vi kunne ha vore med å sikra geografisk spreiing. Det er sært at ungdom berre blir plukka ut på denne måten, meiner Grønstad. Han meiner at Barneombodet overser organisasjonane, og det er ille ettersom LNU prøver å lære unge at organisasjonane er ein viktig faktor i demokratiet.
Kommunikasjonsrådgjevar Sidsel Bjerke Hommersand hos Barneombodet er prosjektleiar for ungdomsrådet. Ho er klar over Oslo-sentreringa, og meiner Barneombodet har vore open på dette heile tida.

- Det har heilt frå starten vore eit mål å ha ungdomsråd med medlemer spreidd utover heile landet. Grunnen til at alle førebels er henta frå Oslo, er at dette er eit pilotprosjekt. Desse ungdommane skal sitje saman med oss i eitt år, og så håpar vi å få med meir av landet frå neste omgang, forklarar prosjektleiaren.

Valde etter alder
Sidan ungdomsrådet er eit prøveprosjekt som ikkje har vore prøvd før, har ombodet rekruttert ungdom frå nærområdet som har kort reiseveg. Bjerke Hommersand fortel at Barneombodet dessverre ikkje har budsjett til å frakte ungdommar med lang reiseveg. Dette må dei søkje om ekstra middel til når dei utvidar. Men ombodet ønskja ikkje at dette skulle hindre dei i å sette i gang pilotprosjektet. Rådsmedlemene vart først og fremst valde ut etter alder.

- Vi ønska ungdom frå første klasse på vidaregåande skule. Desse ungdommane skal ikkje representere andre enn seg sjølv, men skal vere ein slags temperaturmålar i ungdomsmiljøet, seier Bjerke Hommersand.

Ho minner om at mange ungdommar ikkje finn nokon organisasjon dei ønskjer å vere medlem av, og at desse og har rett på ein kanal. Prosjektleiaren håpar å utvide ungdomsrådet til å omfatte unge frå heile Noreg frå neste år.
- Vi treng innspel frå heile landet, slår Bjerke Hommersand fast. (NPK)