Magasinett

Utskrift

Bygde ungdomshus på 15 minutt

Skrive av Anders Malm, Nynorsk Pressekontor .

På 15 travle minutt vart eit ungdomshus i miniatyr snikra saman, måla og fylt med aktivitet og sang. Aksjonen gjekk føre seg måndag på Løvebakken utanfor Stortinget. Leiar i Ungdomslaget, Gunhild Berge Stang, er kritisk til det sterke skiljet som blir sett mellom aktivitetar og tilhaldsstadene der aktivitetane skjer.

Leiar Gunhild Berge Stang i Noregs Ungdomslag og May Hansen (SV) frå familie- og kulturkomiteen på Stortinget aksjonerte for meir pengar til lokale ungdomshus.

Fotball utan fotballbanar
– Aktivitet treng hus! Mange parti har gitt signal om at dei ønskjer å satse på lokal kultur. Men dei ønskjer å bruke pengar på sjølve aktiviteten, og ikkje på hus som kan romme aktiviteten, seier Berge Stang.
Ho meiner det er det same som å seie at ein ønskjer å satse på fotball, men ikkje på fotballbanar.
– Vi ønskjer å fjerne dette kunstige skiljet mellom hus og aktivitet. Mange forsamlingshus rundt i landet står no og rotnar på rot på grunn av manglande løyvingar. Men aksjonen vår i dag viser at med vilje og litt pengar frå styresmaktene så er vi der, seier Berge Stang, som meiner årets forslag til statsbudsjett ikkje gjev rom for den lokale kulturen.

 

Rekrutterer til proft kulturliv
Den einaste sentrale tilskotsordninga for desse lokale kulturhusa i dag, er dei små summane politikarane har gjeve gjennom fordelingsnøkkelen for spelemidlane.

Då ungdomshuset var ferdig vart det fylt med aktivitet og sang.

– Amatørkulturen har også livets rett. I tillegg er det i mange samanhengar desse lokale kulturhusa som gjev grunnlaget for det profesjonelle kulturlivet gjennom rekruttering, fortel Berge Stang.
Med på aksjonen var SVs May Hansen frå familie– og kulturkomiteen på Stortinget. Ho syntest det var ei viktig markering.
– Eit løft for dei lokale kulturhusa er eit av dei meir rimelege satsingane til SV, om ein samanliknar med til dømes barnehagesatsinga. Samtidig betyr desse husa mykje for veldig mange, sa Hansen, og fortalde at familie– og kulturkomiteen allereie har kome langt i arbeidet med statsbudsjettet til den nye regjeringa. (NPK)