Magasinett

Utskrift

– Pakk sekken og ta med stavane til Melderskin

Skrive av Anna K. Hellevang .

I år er Friluftslivets år, og folk vert oppmoda om å bruka fjellet ekstra flittig dette året. Kva er vel meir naturleg enn å utforska sin eigen bakgard? Eg vart hekta - først ein dag på Malmangernuten. Neste dag var utfordringa Melderskin.

Foto: Anna K. Hellevang Frå Medlerskin: Folgefonna badar seg i solskinnet.

Det var ei dame som kom inn til meg i redaksjonen og sa at ”På Malmangernuten går du av glede, men på Melderskin går du av plikt”. Ho syntest utsikta frå Malmangernuten på 890 m.o.h. så nær Hardangerfjorden var fantastisk. Men Melderskin lenger inne i landet med sine majestetiske 1426 m.o.h. då vart meir eit pliktløp for henne å rekna. Men eg ikkje heilt eining. Kanskje kan det ha noko å gjera med at det bles ganske kraftig den fredag ettermiddagen eg gjekk opp på Malmangernuten.

Medan eg laurdag 24. september var så heldig å oppleva naturkreftene frå ei desto mildare side. Eg hadde valt rett dag å ta denne turen, for det var mest heilt vindstille og sola skein denne vakre haustdagen. Så mange som 16 personar gjekk til fjells nettopp på denne toppen same dag. Eg, som hadde nett vore på ein fjelltopp dagen i førevegen starta nærare halv 1, og danna med klar margin baktroppa.

Endeleg på toppen av Melderskin, 1426 m.o.h. med 360 grader panoramautsikt.

Tøff start
Den hardaste delen er starten. Eg går frå Rosendal sentrum opp til starten av den merka turløypa. Halvvegs opp dei brattaste bakkane, ser eg eit skilt ”Vatn”.

– Flott, tenkjer eg. Her har dei til og med merka vasskjelda. Eg hadde basert meg på å drikka frå vasskjelder i fjellet. Dermed slepp eg unna med ein lettare sekk med litt mindre drikke enn om eg skulle teke med alt for ein heildagstur. Eg gjekk bort til gropa, la meg ned og drakk nokre slurkar med vatn.

– Det er lite som kan sløkja tørsten betre enn kaldt reint rennande vatn frå ein bekk. Vi er heldige her til lands som har så mange plasser til fjells der vatnet er drikkande, tenkte eg. Eg tenkte tilbake på turen min til Kilimanjaro i 2002. I dei afrikanske fjella måtte vi koka alt vatnet før vi kunne drikka det. Fornøgd går eg vidare i mi eiga verd, filosoferer og tenkjer med meg sjølv.

Utsikt mot Storsundet og Snilstveitøy frå turen til Malmangernuten.

Fornøgd med stavane
Eg var svært glad over å ha teke med meg stavar på denne turen. Det var så bratt oppover og eg hadde stor glede av å fordela vekta litt på både armar og bein. Dermed kom eg meg både raskare og lettare opp. Sola skein og eg fall for freistinga å gå i topp og sykkelshorts. Det var så vidt varmt nok i sommarkleda. Eg nærmar meg det første utsiktspunktet er snart ferdig med dei brattaste bakkane. Då kjem første følgje ned att i vindtette klede. Så kjem to damer i ullgenserar. Før eg får møta dei skikkeleg, ser dei litt bekymra på den lettkledde dama til topps. 10-15 meter ovanfor meg seier ei av dei:

­– Eg håpar du har varme klede med deg, for på toppen er det to centimeter med snø og kaldt, seier ho.

– Ja, eg har ullgenser, vindtett bukse og jakke, lue og vottar, smiler eg. Dei lettar litt.

Dei fortel at eg er turgåar nummer 16 på toppen denne dagen. Eg gledar meg over å ikkje vere den einaste til fjells og ser fram til å treffa dei andre på sin retur. Det er både sosialt og kjennest tryggare at det er fleire i fjellheimen.

 

Første matpause
På Skardshaugen på utsiktspunktet mot Rosendal og Hardangerfjorden er det på tide å finna fram vindkleda, setja seg ned og ta noko drikke og litt mat. Eg lener meg bakover mot ein stein og nyt sola som varmar i ansiktet.

Etter ein halv time pause finn eg ut at skal eg til topps denne dagen, må eg vidare. Eg hiv på meg sekken og byrjar å gå opp eit meir steinete terreng. Då stien er merka, klarar eg som første turgårar på denne toppen lett å finna leia. Så kjem fleire nedover stien, mellom anna ei gruppe på fem damer. Lenger oppe på flatene møter eg siste gruppe, tre menn frå Bergen som også har halde rekning med kor mange som er til fjells. Ein av dei lovar eit spennande månelandskap bak neste sving.

– Tøft, tenkjer eg, no er det ikkje lenge att.

Går og går
Eg går vidare og vert litt overraska over at toppen enno ikkje er innan for synsvidda. Så kjem eg til landskapet som ser nokså urøyrd ut. Det er berre dei raude T-ane på nokre steinar som bryt med dei grå steinane og sanden som pregar dette landskapet.

– Det var dette han meinte med månelandskap? tenke eg. Eg følgjer ei elv eit stykke. Oppe i den siste bakken får eg stadfesta det damene sa. Det har snøa her i natt. Tynne snøflak låg enno på nokre steinar innimellom sprekker. Eg tur eg snart er på toppen og aukar tempoet.

– No vil eg opp, tenkjer eg.

Varden i sikte
– Endeleg. Her var det flott. Eg har ikkje tid til å setje meg ned, men går rundt den store varden, ser mot Folgefonna, mot Hardangerfjorden mot vatna i innlandet. Dette var langt flottare enn eg hadde venta meg. Vinden tek berre så vidt i jakka og luggen. Eg må fram med kamera og forevige minna. Etterpå skriv eg meg inn i boka som nummer 16 den 24. september. Så må eg ha litt påfyll med ei skive og varm kakao, og litt druer.

Kappspring med mørkret
Men så vert eg var at turen ned att må gå litt kjapparen enn oppturen. Elles vil eg få eit ublidt møte med mørkret. Det mørknar i 20-tida og kvart på 5 om ettermiddagen vender eg nasen nedover. Lett på tå med raske steg snor eg med nedover stien. Men eg kan ikkje la vere å bli fasinert av detaljane i naturen. Eg forevigar mosen på steinen. Så småsprett eg vidare. No er det meg og mørkret som kjempar om å koma først til Rosendal. Klokka sju er eg heilt nede av stien og har tid å nyta turen gåande heilt ned til sentrum.

På brua møter eg eit par som ser på fjellkleda, sekken og stavane at eg har vore til fjells. Dei skal til Melderskin dagen etter og spør om turtips. Eg kan berre seia som sant er: – Det er ein fantastisk tur, og bruk stavar, det sparer deg for tid og krefter. Men om vêrgudane viser seg frå ei like god side på søndagen, kan eg dessverre ikkje lova. Eg hadde vore heldig og var opp ein av dei beste dagane i året. Beina var framleis i god form og klare for nye turar.


FAKTA:
Korleis koma seg dit:
Melderskin 1426 m.o.h.

Frå Rosendal sentrum mot Baroniet. Ta av til venstre ved avlsgarden til Kletta, der ein eventuelt kan parkera. Vegen vidare er merka med skilt til Melderskin. Stien er merka med raude T-ar og går over beiteområde og forbi tregrensa det brattaste partiet på turen mot Skardshaugen. Neste etappe flatar ut før det er nok ei stigning mot toppen. Her er utsikt i 360 grader mot Folgefonna, Ulvenåso, Lyderhorn og Ulriken ved Bergen. 
Tid tur/retur: 7 timar.