Magasinett

Utskrift

Ungt teiknetalent med ny serie

Skrive av Anders Malm, NPK .

No skal Vangsgutane få bank! Med dette slagordet skal dei tre tøffe jentene i «3 Chicks» prøve å erobre den norske teikneseriemarknaden.

Bak står det unge teiknetalentet Natalya Kochergova (17). Inspirert av russiske manga-teikneseriar begynte ho å teikne eigne seriar alt som 11-12 åring. Serien er meint å appellere til unge jenter, eller folk som ein eller annan gong har vore i kontakt med unge jenter.


– Eg hentar inspirasjon til historiene frå alt – frå eige liv til filmar og situasjonar eg ser rundt meg, fortel russiskfødde Natalya, som til vanleg går på Nordstrand Videregående Skole i Oslo.
Seriane teiknar ho når ho har tid: I friminutta på skulen, heime i stua, eller om natta når ho ikkje får sove.

Ulike hovudpersonar

Hovudpersonane i serien er dei tre venninnene Lydia, Natasha og Sonya. Alle tre har forskjellige personlege eigenskapar og sinnelag. Noko som kjem tydeleg til uttrykk i ei stripe der dei tre presenterer ulike versjonar av det gode, gamle ordtaket «Smil til verda og verda smiler til deg». Sonya er den mest ordinære:
– Smil til verda og verda smiler igjen, seier Sonya i stripa. Lydia er litt skarpare i kantane. Ho er skapoppfinnar og interessert i naturvitskap. Ho har mellom anna funne opp ein ekstra sterk tyggis som gjev enorme tyggisbobler, og ho kan koke vatn ved 20 gradar Celsius ved hjelp av vakuum.
– Smil til verda, det irriterer alle, seier Lydia.
Natasha er den mørkaste av dei tre. Ho er som oftast sur, ho seier ikkje så mykje, og ho blir lett irritert.
– Ikkje smil for mykje, du får rynker, åtvarar Natasha.
Samtidig som Natasha har eit litt dystert sinn, så hender det at ho ser syner. Mellom anna dukkar ein grøn fe opp. Desse hallusinasjonane oppstår etter inntak av den ikkje spesielt familievennlege drikken absinth: Ein ikkje heilt ufarleg, alkoholhaldig drikk som inspirerte kunstnaren Vincent van Gogh til å kutte av seg det eine øyra. Den unge serieteiknaren les sjeldan norske serieteiknarar. Ho hentar inspirasjon frå målarkunsten.
– Eg er veldig fascinert av kunstnaren Leonardo Da Vinci. Han er ein av mine heltar, fortel den unge serieteiknaren.

Absinth blir tran

Men i dei redigerte teikneseriestripene som når norske avislesarar, er nok absinten bytta ut med Möllers tran. Noko serieskaparen sjølv ikkje er heilt nøgd med.
– Korleis skal den grøne feen dukke opp viss ho ikkje drikk absinth? spør Natalya.Sjølv om mange sikkert ville vere einig i at tran også kan kalle fram heller ubehagelege biverknader.
Ein av dei som tek til orde for å bytte ut alkoholen med tran, er Guri Skeie.
– Eg synst stripa blir artigare om ho drikk tran, seier Skeie. Ho er assistenten til Natalya, og omset «3 Chicks» til nynorsk. Samtidig er ho ein såkalla «coach», som er med og diskuterer fram historier og plot som Natalya så teiknar ut i striper. Til vanleg er Skeie tilsett i Barne– og ungdomsavdelinga til NRK, der ho har vunne prisar for gode radioprogram. Natalya og Guri møtest ei gong i veka. Skeie fortel at serien er i stadig utvikling.
– Det er veldig spennande, for ingen av oss veit eigentleg kor serien endar. Den tek stadig nye vendingar, og personar kjem og går, seier ho.

På teikneseriefestival

I helga skal serien bli lansert på den internasjonale teikneseriefestivalen Raptus i Bergen. Skeie trur at serien kjem til å slå an.
– Karakterane er meir samansette enn i andre norske teikneseriar vi ser i dag. Dette er ikkje eindimensjonale babes, dei har ulike styrke og veikskapar, akkurat som andre menneske. Vi treng ein slik teikneserie med tre tøffe jenter som ikkje blir framstilt som desperate og single bargjengarar, meiner Skeie, som saknar kvinnelege heltar både i samtidslitteraturen og i teikneseriar.
Ho trur det nynorske språket verken er ein fordel eller ulempe for serien.
– Språkform speler inga rolla så lenge historiene er fengjande og teikningane er gode, meiner Skeie.
Serien kjem ut på Fonna Forlag, og vil bli distribuert mellom anna gjennom Nynorsk Pressekontor.
– Det er spennande å presentere ein ny, norsk teikneserie no, spesielt i ei tid då det er så mange av dei. Natalya Kochergova er eit stort teiknetalent, seier forlagssjef i Fonna Forlag, Roald Waktskjold.

Arkiv, oktober 2005