Magasinett

Utskrift

Vestleggjering innanfrå

Skrive av Marianne Magnussen .

Jamvel om Polen ytre sett gjerne gjev assosiasjonar til kommunisttida, opplever polakken seg sjølv som ein vesteuropear og bør behandlast deretter. Det meiner iallfall polske Anna og Jakob.

På eit lite kjøken i ein grå kommunistblokk i Warszawa lagar Anna Skurska (26) toast til Jakob Wesolowsji (28). Ho er komen heim etter ein arbeidsdag som sekretær i eit datafirma, og no har kjærasten hennar kome på besøk. Jakob er journalist på deltid, men jobbar også som lysansvarleg på diskotek. Eit par timar i lag rekk dei likevel mellom arbeidsøktene.

Rett vest?
- Er Polen vest- eller austeuropeisk?
- Me føler oss som folk frå Vest-Europa, men ser ikkje slik ut, kjem det kjapt frå Jakob. Han tek ketchup på toasten og kosar seg med det vestlege måltidet han får servert.
- Det er tydeleg at me er nærmast vest, meiner Anna som har sett seg på golvet i mangel av ledig stol.
- Mange reknar likevel Polen for ein del av Aust-Europa. Då eg budde i England i fjor, trudde dei til dømes ikkje at me hadde PC og vaskemaskin her i landet. Men me har jo alt det same som dei! kjem det oppgitt frå henne.
Kjærasten hennar deler frustrasjonen over mangel på kunnskap om fedrelandet deira:
- Stereotypen av ein polakk er ein fattig person som drikk mykje vodka og lever av å selje ting billeg til vesten…

Det har brått vorte svært trongt på kjøkenet. To andre jenter, som bur i same leilegheit, har kome inn for å lage middag. Det er så vidt dei kjem seg forbi sekretæren på golvet. Minimal kjøkenplass er eit av problema med dei gamle kommunistblokkene.
- Ser ein på bygningar som denne blokka, er det mykje som ser austeuropeisk ut her i landet. Men det løner seg ikkje å fjerne slike. Folk vil helst bu i dei av di det er mykje billegare, forklarer journalisten. For Polen er tydelegvis hjernekirurgi fortare gjort enn kosmetisk kirurgi.

- Kva skilnader har de merka før og etter EU?
- Fyrst og fremst at mange fleire av oss dreg til utlandet for å jobbe. London er til dømes i ferd med å bli ein polsk by, seier Anna, men legg til at dei fleste er i utlandet berre ei avgrensa stund. Polakkar er nemleg svært glade i heimlandet sitt.
- Me er godt likte i utlandet som arbeidarar av di me er viljuge til å gjere kva som helst type arbeid og spør ikkje om løna i fyrste rekke, seier Jakob stolt.
Kjærasten hans legg til at EU-medlemskap til ein viss grad har betra oppfatninga og informasjonsnivået Vest-Europa har, når det gjeld heimlandet deira.

Tradisjonelle, ikkje kommunistar
- Har kjønnsrollene også vorte meir vesteuropeiske i seinare tid?
- Diverre, ja, ler Jakob. Han har ete opp kveldsmaten og er nøgd med å ha fått litt oppvarting frå det motsette kjønn.
- Men eg laga kvelds av di eg er glad i han, og ikkje av plikt! kjem det bestemt frå den komande kona, som tilføyer:
- Faktisk lagar han oftare mat enn meg!
Jakob fortel at polakkane derimot er meir konservative når det gjeld familieliv. Til dømes er det vanleg å sjølv pleie gamle og sjuke foreldre i staden for å sende dei på gamleheim. Skikkar rundt ulike feiringar vert også nøye overhaldne.
- Me er generelt sett svært tradisjonelle, men ikkje kommunistiske, seier han bestemt.

- Kva med  dei eldre, er dei heller ikkje prega av tida under Sovjetsamveldet?
- Dei gamle som jobbar i offentlege institusjonar, har nok enno mykje tankegods frå kommunisttida. Dei trur at dei har mykje makt, og difor hender det til dømes ein sjeldan gong at pakkar frå utlandet vert sensurerte av postverket vårt, seier tjueåtteåringen.

Han understrekar derimot at nye polske firma ikkje har slike haldningar.
- Mange polakkar har eit kompleks; dei innbiller seg at dei er fattige og ikkje kan nokon ting, seier kvinna på tjueseks. Ho fortel at mange av dei eldre også slit økonomisk sett på grunn av låg pensjon og mangel på jobb.
- Men me har eit svært godt utdanningssystem, og dei unge klarar seg bra!

- Kva planar har de for framtida?
- Me vil gifte oss i juni, kjøpe leilegheit, få born og vere ein normal familie, kjem det straks frå Anna.
Ho set seg på fanget til kjærasten og legg eine handa si oppå hans. Dei har berre vore i lag i eitt år, men har allereie planane klare. Det tradisjonelle familielivet freistar aller mest. - Og me skal for all del bli verande her i Polen!, avsluttar Jakob.