Magasinett

Utskrift

Startsida på nynorsk

Skrive av Toyni Tobekk, LNK-nytt .

I fjor starta eit samarbeid mellom Noregs Mållag, LNK og ABC Startsiden som har resultert i at ei nynorsk utgåve av portalen opnar på nettet i midten av mai.

Skilnaden mellom bokmåls og nynorskutgåva er ikkje stor.– Me har hatt fire omsetjarar på jobb i fire månader for å omsetja alle katalogane våre til nynorsk, fortel Espen Udland frå ABC Startsiden. – Ved sida av det, vil me også ha artiklar på nynorsk.

Udland ser for seg at det vil vera muleg for dei å tena pengar på dette produktet.
– Nynorskbrukarane dekker eit breitt belte over heile Vestlandet. Eg er overbevist om at det må vera attraktivt for annonsørar.
Ein og ein halv million nettbrukarar i landet opnar weben med ABC Startsiden. Nettstaden er ein portal med redaksjonell profil og hevdar å vera større enn både VG, NRK og Microsoft. Tenesta er gratis.
www.startsida.no