Magasinett

Utskrift

Løyndommar på vidda

Skrive av Marianne Magnussen .

Lat oss kalle han Gudmund Tveit, eit typisk Hardanger-namn. Det eigentlege namnet sitt må han få ha i fred. Hardingen sit nemleg inne med altfor mykje ettertrakta kunnskap. Han veit korleis han kan fylle fryseboksen sin med sunne, norske og heilt gratis matvarer. Magasinett har fått intervju med ein kjentmann på Hardangervidda.

 

Frisk sommarvind over fjellvatnet. Ein femtifire år gammal harding, alias Gudmund Tveit, har frakta meg ut til ein av løyndommane sine ute på den ville Hardangervidda: Ein ypparleg stad for å fiske fjellaure. Han bed meg å ro medan han prøver å setje ut eit garn. Eg tek i det eg greier, men klarer ikkje å kjempe mot vinden. Tålmodig tek han over årene og pløyer bølgjene med sterke nevar. Det er lett å sjå at han er vane med slikt.

- Kva fordelar er det med å hente matvarer ute i naturen, i tillegg til at det er gratis?

- Maten er reinare og smakar betre. Dessutan er lufta så frisk, og det er avslappande å vere på fjellet.

Gudmund kan fortelje at han plar vere på vidda i om lag ein månad kvar sommar. Utan mobiltelefon. Han søv i bilen sin, og bruker dagane til å finne både roen og matvarer. I fjor fekk han tak i om lag 150 kg fjellaure og 7 kg molte. I tillegg til mykje kvile.

- Korleis har du sjølv funne dei gode plassane?

- Eg har leita eit par år, svarer båtføraren, og understrekar at det er viktig å vere tolmodig.

 

Vinden har løya litt, og eg får ny sjanse til å vise at eg kan ro. Denne gongen vert det litt meir overtydande. Gudmund byrjar å dra opp garn som vart sett ut tidlegare, og passasjermengda i robåten aukar gradvis med fire fjellaurar. Eit prov på kunnskap og uthald hjå naturelskar Tveit.

Fjellaure er ein av vidda sine delikatesser.

Ikkje egoist

- Får du ha stadene dine i fred?

- Ikkje alltid. Eg må kjempe for det, ler han.

Fleire og fleire hardingar kjem nemleg opp om sommaren for å finne delikatesser til å fylle fryseboksane sine med. Og alle er interessert i å finne dei gode stadene

- Då garnsesongen starta 1. august, kom eg fyrste natta opp hit for å setje ut dobber, kan fjellmannen fortelje.

Sjølv om Gudmund er flink til å sikre seg det vidda har å by på, er han ikkje redd for å gje vidare smakebitar frå fjellet. Halvparten av fangsten frå i dag gjev han til meg, endå eg prøver å forklare at det er altfor mykje.

- Det er viktig å ikkje vere egoist, seier han bestemt. - Då er det ikkje kjekt å vere ute i naturen.
Me dreg båten på land og sløyer fisken. Gudmund saltar det raude, eksklusive kjøtet og legg det i ei gammal rorbu.
multer
Molte og mygg

No set me kursen mot ein ny løyndom; moltestaden til hardingen. Det tek fleire timar å gå, og me finn både reinsdyrgevir, kvartsstein og sauetenner undervegs. Små naturskattar til å ta med seg heim. I ein bratt bakke tek me ein kvilepause, og guiden siterer naturelskar Ivar Aasen:


- Å kvile i bakkjen gjev styrke i bein, og kan du, så bør du det gjera. Å stansa i bakkjen som hoggjen i stein, er fulla rådlaus å vera.

Rådlaus er me heldigvis ikkje, så siste etappe vert snart unnagjort. Det endelege resultatet vert diverre ikkje så imponerande: Eit par små moltekart spreidd utover ei stor myr.

- Det er veldig stor variasjon på moltemengda frå år til år, avhengig av verforhold. I år har det nok vore for mykje snø på lyngen, trur Gudmund.

Men plassen er det iallfall ikkje noko gale med. Difor er det best å ikkje røpe namnet på staden. Og når ein har tolmod som denne karen, går det an å vente til neste år. Me byrjar på heimvegen og vert snart overfalt av blodsugarar. Hatten til fjellkaren vert dekka av store mygg. Me er dei einaste folka så langt auget kan sjå, og må difor føde dess fleire insekt. Eg byrjar å glede meg til å kome i hus.

 

- Vert du stundom lei av naturen?

- Nei, eg blir berre meir og meir avslappa etter kvart som eg er ute, smilar Gudmund bak alle insekta. - Eg har Guds skaparverk rundt meg på alle kantar, og då er eg trygg.

Femtifireåringen slår armane ut mot den endelause vidda. Det kveldast, og himmelen klarnar meir og meir.

Mygg i hatten tek ikkje bort Gudmund sin kjærleik til naturen.

Viddevern

- Trur du Hardangervidda vert meir kommersialisert etter kvart, med bilvegar og butikkar her ute i øydemarka?

- Nei. Iallfall ikkje denne delen som tilhøyrer hardingane. Me er glade i naturen og vil ikkje tillate for mykje tilrettelegging for turisme. Det er til dømes berre me som er busett i denne kommunen, som har lov til å fiske med garn.

Gudmund Tveit er ikkje i tvil. Vidda kjem til å forbli eit eldorado for rekreasjon og matfangst, så lenge det er hardingane som bestemmer. Løyndommane sine vil dei ha i fred. Dei einaste på Hardangervidda som sørgjer over folketalet, er myggen.