Magasinett

Utskrift

På ski over Grønland - verdas nest kaldaste plass

Skrive av Anna Kirsten Hellevang .

To gode turkameratar frå Sogndal bestemte seg for å realisera draum nummer ein, å kryssa Grønland på tvers med ski og pulk. Plassen som er den kaldaste på jorda nest etter Antarktisk er nok ikkje tur mål når folk flest planlegg ferien sin, men det var denne utfordringa som låg og lokka på Olav Farestveit (37) og Sølve Skartun (46). I fjor vart draumen realitet, men utfordringane vart noko anna enn dei hadde venta seg.

Grønland på tvers: Sigra over kulden


Sogndølene Olav Farestveit og Sølve Skartun hadde gått mykje på ski opp gjennom åra. I fjor var dei klare for ein ny styrkeprøve. Målet vart på ski på tvers over Grønland. Dei plnala å leggja bak seg 560 kilometer i løpet av 24 dagar. Det klarte dei med to dagars margin. Suksessen var god planlegging i førekant og trening på Europa sin største isbre, Jostedalsbreen.

Det er ikkje for kven som helst som kan gi seg i kast med piteraq; fallvinden som Grønland er så kjent for. Den frys gjennom marg og bein om dei som befinn seg der ikkje har på seg gode nok klede i tide. Gjennomsnittstemperatuern på Grønland er minus 32 grader C. Minus 35 grader kunne venta Sogndølene på Grønland, og å øva på å halda ut i denne kulden hadde dei ikkje hatt moglegeheiter til, men det dei kunne førebu seg på, det vart utprøvd. Ein av dei viktigaste tinga var å vera i stand til å dra pulken sin på 84 kilo over Grønland.

 


Noko av det som gjorde mest inntrykk på Sølve Skartun var dei fattige og alkoholiserte folka som budde på landsbygda ved inngangsporten til turen Grønland på langs. I Ammasaliq hadde det vore sju sjølvmord berre frå nyttår til april 2004.

Sjokk å møta eskimoane

Turen starta i aust i Isertoq og slutta i vest i Kangerlussuaq også kalla Søndre Strømfjord. Frå Kulusuq flaug dei i helikopter til Ammasaliq ein liten stad med 1500 innbyggjarar. Dei hadde tidlegare levd som eit fangstsamfunn men etter at eskimoane hadde blitt introdusert til det moderne samfunnet og alkoholen, så gjekk det gale, reint gale. Berre frå nyttår til april 2004 då Olav og Sølve vitja plassen, hadde så mange som sju av dei 1500 innbyggjarane teke sitt eige liv.
– Det er ein plass eg ikkje har lyst bort att til, seier Sølve Skartun.
Synet av folk som gjekk og slang i gatene, alkoholmissbruket og dei tragiske sjølvmorda dette førte med seg, er noko Olav og Sølve seint vil gløyma.

Starta som ein spøk

Korleis starta så tanken om å kryssa Grønland på ski? I 40-årsdagen til ein kamerat hadde det heile starta som ein spøk. Etter kvart vart det realitet og Olav og Sølve tok ein svært vikig testtur Jostedalsbreen på langs med fem overnattingar. Frå Grotli til Gaular hadde dei hatt drittvêr og dei vart tvinga til å gå ned i Fjærland. Sølve hadde fått merka hardast kor det var å dra pulk opp breen og i løpet av turen hadde han teke av seg fem kilo.
– For dei som lure på om å kryssa Grønland er noko for dei, kan dei lasta opp ein 85 kilos pulk og prøva Josten på langs, seier Sølve. Treninga vidare var både på ski og springeturar i fjellet.


Krangla aldri

Olav og Sølve var bevisst på kva som hadde gjort turen til den suksessen det vart; det var ikkje naudsynt med noko diskusjonar.
– Me krangla aldri, seier Olav. Dette var begge innstilte på på førehand. Dei hadde ein klar målsetnad. Når klokka var ni kvar morgon, var det på med stavar og då skulle turen byrja. Dei var alltid på veg på ski helst nokre minuttar på ni. Dei hadde eit fast regime på kor ofte og kor lenge dei skulle ha pausar og når dagsettappen var slutt klokka fem. Når det var fem minuttar att og dei var godt slitne, kunne dei gjerne spøka om å gå ein time ekstra, men det hendte ikkje.
– Det er som å springa intervall utan å vita antalet, seier Sølve. Han har vore skitrenar og veit at det motiverar ikkje utøvarane med eit slikt opplegg. I drittvêr og sikta var så dårleg at dei så vidt såg skituppane og det bles som verst, datt dei fleire gonge over ende. Men dei spratt oppatt og gjekk vidare. Når ein er slitne må ein berre tenkja på arbeidsoppgåvene og så veit ein at når klokka er fem om kvelden då er det kveld.

Frå minus 35 til pluss 35 grader

Når dagsettappen var over og dei kunne setja opp telt, var det full fart med primus og få varma opp teltet, få seg varm mag og tørka kleda i teltet. Då steig temperatuen frå minus 35 grader C til pluss 35 grader C. Dermed vart dei gjennomvarme før dei la seg i soveposane for natta.
– Me sovna fort, fortel Olav.

 

Som i eit godt gamalt ekteskap

Olav Farestveit seier at ein av løyndomane med god gjennomføring er at kvar person har sine arbeidsoppgåver som dei gjer kvar dag.
– Det er som i eit gamalt ektepar. Me kan ikkje veksla rutiner, seier han. Kvar person veit sine oppgåver og gjer det utan å bli minnt på det. For eksempel var det Sølve som var morgonfuglen som alltid stod tidlegast opp og koka kaffi.
– Eg søv på autopilot og vakna halv 7, fortel Sølve.
Olav fekk koppen medan han enno låg i soveposen. Olav som var B-menneske ordna kveldsstellet. Før dei slo ned teltet om morgonen, fekk dei begge kvar sine to minuttar i teltet for å gjera sitt fornødende og då galdt det at den som var nummer to ikkje grov grop i holet til den første.

Då teltet letta

Tidleg på turen fekk kameratane sin fulle hyre med å overleva ein sterk vind som drog i teltet. Dei låg og sov men vakna av at teltet byrja å letta. På den eine sida av teltet hadde dei ikkje bygt høg nok snøskavl for å festa kanten på teltet og teltet var i ferd med å letta frå eine sida.
– Sølve spratt ut og fekk snø på kantane, fortel Olav. Det var i grevens tid. Etter dette bygde dei snøskavl så høge som teltet på den kanten som vinden kom frå.

 

Tenkte på familien

Olav hadde kone og tre barn som venta heime og som tankane ofte gjekk heim til. Sølve hadde ei tenåringsjente som venta spent på om faren kom vel heim att. Medan dei gjekk på platået og såg berre snøflater så langt auga kunne sjå, så gjekk tankane heim mange gonger for dagen. Noko av det Sølve sette mest pris på var tida til ettertanke som i den travle kvardagen vert så alt for kort. Sølve er veldig glad i båt og på Grønlandsturen var det mange gonger han tenkte på båten og korleis han skulle konstruere pumpa. Olav tenkte på barndomen og folk som han ikkje hadde tenkt på på årevis. Natuleg nok gjekk tankane heim til dei næraste.

Lærarskulen var værre

Olav er dagleg leiar i eit byggefirma og Sølve har vore trailersjåfør i 17 år. Han har vore lærar og tilsett i Statens barnevern. Å ta til på lærarskulen var ingen spøk for Sølve.
–Lærarskulen var mange tunge stunder skal eg lova deg, seier han. Han ville heller gått tilbake på Grønland på tvers enn å gjennomføra lærarskulen ein gong til. For dei som tykte lærarskulen var enkel og som trur dei like lett kan gjennomføra Grønland på tvers, er det nok ikkje heilt slik det fungerer i praksis.
Olav råd dei som søkjer utfordringar å la det vera progresjon i det dei held på med.
– Det kan vera utruleg myke kjekt i heimlege fjell, seier han. Han rår skientusiastane å byggja seg opp. Ein startar altså ikkje med ein Grønlandstur.

 

Alle foto: Privat