Magasinett

Utskrift

Det er viktig å jukse

Skrive av Vilde Amalie Tolo .

Foto: Colourbox

Vilde Amalie Tolo skriv om veganar-venninna som et mjølkesjokolade og andre venninner som gjer som dei vil, og er som dei er – for seg sjølv.

 

Venninna mi er veganer. Ho er grei for det, altså. Dessutan et ho sjokolade. Mjølkesjokolade. Er ho eigentleg ein verdig veganar, då? Ho skulle vel i så fall ikkje ete sjokolade, kanskje. Men venninna mi er ikkje veganar for andre. Ho er veganar for seg sjølv.

 

Eg har ei anna venninne. Venninnene mine kan lære meg mykje. Dei kan nok lære mange mykje. Kanskje kan eg lære nokon noko òg. Ikkje om kva som er rett og feil. Ikkje heller om korleis ein skal bli flinkare eller finare eller betre eller best. Eg kan sjølvsagt komme med nokre tips. Stå opp tidleg, arbeide hardt på skulen, gjerne òg mestre ein deltidsjobb, trene, ete riktig, gå på fest, vere sosial, smile og vere ovanpå, ta seg saman, arbeide hardare, trene meir, ete sunnare (ikkje karbohydrat? Ikkje feitt? Ikkje kjøtt? Proteinpulver?), legge seg tidlig, eller kanskje heller seint, få tid til alt, slite seg ut. Nei. Eg har andre, viktigare ting å lære bort. Lære meg sjølv òg, kanskje.

Og som sagt har eg ei anna venninne. Ei venninne som likar teater. Som fekk gåvekort på eit teater av systera. Som bestilte seg ein teaterbillett. Som stod og hang opp kleda sine ein tilfeldig kvardag. For det må ein òg mestre som student. Henge opp klede, sjølvsagt òg vaske klede, handle mat, lage mat, rydde, støvsuge, vaske golv, vaske bad, også alt ein gong til. Og der, i eigne tankar ved klesstativet, gjekk det opp for venninna mi at teateret var i dag. Altså den dagen. Om kanskje ein halvtime. Oisann. Ut, då, i pøsregnet, utan regntøy, i full fart mot teateret. Framme i tide, kliss våt, sliten, upynta, kald. Og førestellinga – som vart spelt av dyktige skodespelarar, som var kjempebra – det vart rett og slett ikkje kjekt. Venninna mi slappa ikkje av, ho nøyt ikkje tilværet, freden, roen, skodespelet, opplevinga. Venninna mi gjekk heim. I pausen, før stykket var ferdig spelt. Eit flott stykke, betalte billettar, ei oppleving ho hadde gleda seg til. Men ho fekk ikkje den opplevinga ho ynskte seg. Ho var berre ikkje i det akkurat då. Feil dag.

To venninner, altså. Ein veganar som et sjokolade med mjølk – eit ord av type fy – i namnet. Ei anna som går heim før teateret er ferdig. Eg har ei tredje òg, som har fått middagen servert på døra av ein sykkel opp til fleire gonger i det siste, som til og med står opp seint, som ikkje lar seg stresse for mykje, som ikkje gidd å bli så påverka av alt. Og ei fjerde, som var på langhelgetur i London og sette seg på hotellet og såg på film midt på laurdag ettermiddag.

Nei, du gjorde ikkje det, sa eg til venninna mi då ho fortalde om teateret. Og angåande London: kanskje vêret var veldig dårlig den laurdagen, eller at venninna ikkje var heilt i form. Nei, eg hadde nok ikkje gått heim, og eg hadde vel kanskje heller ikkje brukt ettermiddagen min i London på å sjå på film. Dårlig samvit, kanskje. Så skal ein jo kanskje fortelje om det etterpå òg. Om teateret, altså, ikkje at ein ikkje var der. Og om London, byen, opplevingane, alt ein rakk å få gjort. Ikkje om filmen, kanskje. Skal ein kalle seg veganar, må ein vel kanskje halde seg unna sjokoladen òg. Og skal ein kalle seg student, må ein vel kanskje både stresse og lage mat sjølv og stå opp tidleg òg. Eller gjerne heller slappe av fordi det er den friaste tida i livet og ein kan styre kvardagen sjølv og det er kva ein gjer det til og alt det. Eg veit ikkje. Same kan det kanskje vere. Krav uansett.

Eg får ikkje meir ut av venninna mi si teateroppleving av at ho sit der og frys til stykket er ferdigspelt. Eg blir vel ikkje meir avslappa av at venninnene mine unngår sjokolade eller står opp klokka seks eller lar seg stresse av alt heller. Eg får i alle fall ikkje sett mindre av London ved at nokon andre sit på hotellet i staden for å farte rundt i alt som må opplevast.

Tenk litt på det. Det har eg gjort i det siste. Venninna mi er veganar for seg sjølv. Ver det du òg. Ikkje nødvendigvis veganar. Men for deg sjølv. Eg skal prøve òg. Kanskje kan vi til og med prøve det på lag. Tenk så fint. Ein skal ikkje kimse av litt juks.