Magasinett

Utskrift

– Vi er samtida, ikkje framtida!

Skrive av Daniel Schmidt .

Moises Galezo (22) er optimistisk med tanke på framtida for Colombia. Foto: Daniel Schmidt

Unge i Colombia har betre framtidsutsikter enn sine foreldre og besteforeldre. Men på fredstoppmøtet i Bogotá førre veke var beskjeden klar: Dei har ingen tid å mista!

 

– Det er vi unge som er framtida, og vi har ein annan mentalitet, ein fredsmentalitet, som foreldra våre ikkje har hatt, fortel Moises Galezo (22).

Den unge colombianaren har tru på ei lysare framtid med fleire moglegheiter for alle.

– Eg er sjølvsagd optimist. Eg har tru på Colombia og på colombianarar, at vi får til ein varig og rettferdig fred.

Fredstoppmøte
Colombias president og vinnar av Nobels fredspris 2016, Juan Manuel Santos, er tydeleg rørt under opningstalen på fredstoppmøtet i Bogotá.

– Denne veka skjer det noko som vi colombianarar har drøymt om i lang tid, og som dei siste tre generasjonane ikkje trudde var mogleg. Men vi klarte det. Det som verka umogleg, gjorde vi mogleg, seier Santos. 

Fredsforkjemparar frå heile verda er samla i Colombias hovudstad for å delta på den 16. verdskongressen for Nobels fredsprisvinnarar.

Samstundes er over 6000 tidlegare FARC-medlemar i gang med å gje frå seg våpena sine og førebu seg på eit nytt liv i det sivile samfunnet.

FredsprisvinnarSantosDanielSchmidtWeb
Nokre av verdas fremste fredsforskjemparar og menneskerettsaktivistar var samla under fredstoppmøtet i Bogotá, no kalla "verdas fredsby" etter den historiske fredsavtalen inngått mellom den colombianske regjeringa og FARC i fjor. Foto: Daniel Schmidt.

I tillegg til fredsprisvinnarar som Lech Walesa, Rigoberta Menchú og Shirin Ebadi deltok over 500 spesielt inviterte ungdomar frå heile verda.

– Vi unge er ikkje framtida, vi er samtida! Vi har inga tid å mista, og vi må difor byrja å engasjera oss no, sa fleire av ungdomsrepresentantane frå scena.

LES OGSÅ: Ungdom jublar for Nobelprisen til Colombia

Sterkare demokrati
Colombianske Carla Fernandez (24) deltek på konferansen fordi ho ynskjer å læra av livsvisdomen til fredsprisvinnarane. Ho fortel at etter over 50 år med krig er landet meir enn klar for fred.

– Alt er ikkje perfekt, men eg har tru på at ting vil verta betre framover. Ikkje minst håpar eg vi vil få eit sterkare demokrati, der folk er meir aktivt engasjerte.

Blant utfordringane for landet peikar ho på tilliten til det offentlege.

– Vi har ein ganske høg grad av mistillit til styresmakter og offentlege institusjonar her i landet, særleg blant unge. Dette håpar og trur eg vil verta betre framover, seier Fernandez.

FredskonferanseColombiaDanielSchmidtWeb
Carla Fernandez (24) gir sitt bidrag til den visuelle formidlinga av fred og framtidshåp på fredskonferansen i Bogotá. Foto: Daniel Schmidt.

Moises Galezo trekk fram utfordringa som falske nyhende gir for demokratiet.

– Eg er litt redd for dette med feilinformasjon, at både medium og sosiale medium bidreg til å spreia uriktig informasjon som så kan få store konsekvensar. Her må vi alle ta ansvar, seier han.

Fleire moglegheiter
25 år gamle Luis Miguel Jaramillo fortel at han er litt engsteleg for dei første åra etter fredsavtalen.

– På kort sikt, kanskje 5-10 år, vil vi nok sjå ein del usikkerheit, både når det gjeld juridiske, politiske og tryggleiksmessige spørsmål. Og når mange tidlegare medlemmar av væpna grupper skal tilbake til det sivile samfunnet igjen, så kan det verta ei utfordring, seier han.  

Han meiner at folk må vera villige til å akseptera og tilpassa seg endringane som skjer, og er overtydd om at ting vil verta betre på litt lengre sikt.

– Eg er overtydd om at Colombia vil veksa og verta eit land med mange moglegheiter, spesielt for oss unge, seier Jaramillo.

UngdomsdelegatFredColombiaDanielSchmidtWeb
Luis Miguel Jaramillo (25, i midten) er aktivt engasjert i spørsmål om ungdom og deltaking. Her i dialog med to venner, deriblant Moises Galezo til høgre. Foto: Daniel Schmidt.

Fredsarbeidet byrjar no
Fredsprisvinnar Santos legg ikkje skjul på at det har vore ein krevjande prosess å få til fred i landet. Han understrekar likevel at det er no fredsarbeidet verkeleg byrjar.

I ei tid prega av terrorisme, krig, diskriminering, flyktningkrise og framandfrykt, håpar Santos at Colombia kan gje inspirasjon og motivasjon til å kjempa for fred og forsoning.

– Det finst berre ein landsby, og han heiter verda. Det finst berre ein rase, og han heiter menneska.

LES OGSÅ: Fred i Colombia – steg for steg